Mandat for fagleg samarbeidsutval for psykisk helse og rus.
Ifølgje Overordna samarbeidsavtale og tenesteavtale 1 skal dei faglege samarbeidsutvala sørge for utvikling av konkrete prosedyrar og tenemodellar. Målet er å sikre heilskaplege og koordinerte helse- og omsorgstenester til pasientar og brukarar med behov for tenester frå både kommune- og spesialisthelsetenesta.
Dei faglege samarbeidsutvala skal identifisere utfordringar og drøfte problemstillingar, og finne løysingar som er til det beste for pasientar, brukarar og samfunnet som heilheit.
Fagleg samarbeidsutval psykisk helse og rus skal:
Representasjonen i utvalet bør vere posisjonert slik at ein kan identifisere potensiale for forbetringsarbeid, dvs. tilstrekkeleg heilskapleg fagleg posisjon.
Representantane vert valde for to år av gangen
Deltakarar:
Om det er behov kan gruppa knyte til seg anna kompetanse
Minimum 4 møter per år
Gruppa konstituerer seg sjølv med leiar og nestleiar. Leiinga alternerer anna kvart år mellom kommunane og spesialisthelsetenesta, der leiar og nestleiar skal representere dei to nivåa.
Dei faglege samarbeidsutvala skal rapportere til strategisk samarbeidsutval minst éin gong per år.
Kvar part dekker kostnadar til representasjon for sine representantar.
Brukarrepresentant får honorar frå den kommunen eller sjukehuset han/ho representerer.
Fastlegerepresentant får dekka honorar frå kommunen fastlegen er tilsett i eller områdeutvalet som fastlegen er rekruttert ifrå.
Deltakarane vil kunne vere referansegruppe for større utviklingsprosjekt innan psykisk helse og rus med mål om støtte og rettleiing til prosjekta for å kvalitetssikre prosjektleveransen i eit samhandlingsperspektiv. Slike referansegrupper vil ha møter kant i kant til FSU-møta.
Utskriftsvennleg versjon - Mandat FSU psykisk helse og rus (PDF)