Tildelingar 2026
Strategisk samarbeidsutval har vedtatt kva prosjekt som får rekrutterings- og samhandlingstilskot.
Helsefellesskapet mottok 20 søknader innan søknadsfristen 20. mars. Søknadene blei gjennomgått og vurdert av søknadskomiteen. Innstillinga frå komiteen blei vedtatt av strategisk samarbeidsutval torsdag 11. juni.
Strategisk samarbeidsutval vil takke for alle dei gode søknadene og det store engasjementet rundt tilskotet.
Føresett at helsefellesskapet får tildelt rekrutterings- og samhandlingstilskot over statsbudsjettet for 2027, blir det ein ny søknadsrunde truleg rundt same tid til neste år.
Det er berre tildelt midlar for inntil 12 månader. Prosjekt som har planlagt varigheit utover dette, blir oppfordra til å søke igjen til neste år for eventuell ny tildeling.