Logo blå saman.no

Fagleg samarbeid

Dette er en oversikt over faglege samarbeidsutval (FSU) og faglege nettverk i helsefelleskapet.

Målet er å sikre heilskaplege og koordinerte helse- og omsorgstenester til pasientar/brukarar som har trong for tenester frå både kommune- og spesialisthelsetenesta. Faglege samarbeidsutval og nettverk vert oppnemnd av strategisk samarbeidsutval (SSU) etter behov (jf. pkt. 5.2.1.). Dei faglege samarbeidsutvala skal rapportere til SSU.

Representasjon og samansetning i dei faglege samarbeidsutvala følgjer som hovudregel same prinsipp som for (SSU).

Alle faglege samarbeidsutval skal minimum ha én fastlege og én brukarrepresentant.

Faglege samarbeidsutval

Medisinskfagleg utval (MFU) er eit underutval med legar frå spesialist- og kommunehelsetenesta. Alle områdeutvala er representert i utvalet. Medisinskfagleg utval skal være rådgjevande  i medisinskfaglege spørsmål.

Mandat for Medisinskfagleg utval (PDF)

​Faste representanter juni 2024:

​Sekretariat:

Samarbeid om omforeina beredskapsplanar og planar for den akuttmedisinske kjeda (tenesteavtale 11 og 12). Alle samarbeidsutvala er representert.

Faglege nettverk

Nettverk og kompetansesentrene har som hensikt å skapa arenaer for kontakt mellom primær- og sekundærhelsetenesta, samt å formidle kompetanse på fagfeltet. Nettverka er sentrale for å ivareta kontinuitet i utredning, behandling og rehabilitering og for å utvikla kompetanse og erfaring på fagfeltet.

Barn som pårørende

Arbeid med barn som pårørande er oppgåvene helsetenestane utfører for å ivareta barn sine behov for informasjon og nødvendig oppfølging. Arbeidet er heimla i helsepersonelloven §§ 10a og 10b. I 2020 blei det tatt initiativ til ein arena for informasjonsutveksling og samarbeid om tema.

Fagnettverk mellom helseføretak og kommunar i føretaksområdet

Våren 2022 blei det etablert eit fagleg nettverk mellom helseføretak og kommunar i føretaksområdet. Fagnettverket møtast fire gonger årleg og blir leia av ein representant frå kommunane og ein frå spesialisthelsetenesta. 

Representantar frå spesialisthelsetenesta er koordinatorer for Barn som pårørande på eigne føretak. Representantar frå kommunane er som regel koordinatorar for Barn som pårørande eller som har eit særskilt ansvar for barn som pårørande i sin kommune.​

Fagnettverket skal ivareta følgande formål og tema:

  • Samhandling mellom helseføretak og kommunar som bidrar til god oppfølging av barn som pårørande i tråd med gjeldande lovverk og prosedyrar, med særleg fokus på auka tilvising frå helseføretaka
  • Auke fokus og kompetanse om barn som pårørande i organisasjonane
  • Samarbeide om digitale løysingar for kontakt og samarbeid mellom helseføretak og kommunaneIdentifisere utfordringer og gi innspel til forbetringspunkt
  • Gi innspel til felles samarbeidsprosedyrar om barn som pårørande

Mål for nettverk

  • Gje støtte og rettleiing for implementering av dei to nemnde retningslinjene hjå partane. 
  • Følge opp nasjonale føringar og regionale retningslinjer som omhandler ernæring.
  • Sikre dialog om oppgavedeling i ernæringsarbeidet mellom sjukehusa og kommunane
  • Bidra til kompetanseheving og betre samhandling rundt ernæringsarbeidet på alle nivå.  

 

Fagråd syn i Helse Bergen


Fagråd syn er eit samarbeidsorgan for dei aktørane som er del av tilbodet til personar med synsnedsetting i Vestland​:

  • ​​Fagråd Syn skal arbeide for eit heilskapleg og koordinert tilbod for personar med synsnedsetting, og for godt samarbeid og informasjonsflyt mellom dei ulike aktørane. 
  • Fagråd Syn skal arbeide for at informasjon om synsrelatert habilitering og rehabilitering er synleg og tilgjengeleg for personar med synsnedsetting og fagpersonar.  
  • Fagråd Syn skal samarbeide om kompetanseutveksling mellom aktørane, og bidra til synsfagleg kompetanseheving for andre grupper.

Les meir om Fagråd Syn i Helse Bergen​

Geriatri – regionalt kompetansesenter for eldremedisin og samhandling (SESAM)


Eldremedisin omfatter fysiske, psykiske og sosiale forhold som kan oppstå i forbindelse med akutt sykdom, ved behandling av kroniske lidelser, rehabilitering og ved livets slutt. 

Les meir på SESAM sine nettsider 

Lindrande behandling – regionalt kompetansesenter


Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest er eit regionalt ressurssenter for helsepersonell som arbeider med lindrande behandling og omsorg ved livets slutt.

Les meir på kompetansesenteret sine nettsider 

Læring og meistringsnettverket

Samarbeid om opplæring av pasientar, brukarar og pårørande er etabkert  i eit lærings- og meistringsnettverk.
 
Lokalt lærings- og meistringsnettverk består av ei arbeidsgruppe sett saman av fagpersonar frå kommunane (ein representant frå kvart utvalsområde), sjukehusa og brukarrepresentantar. 
 
Målet er å styrke samarbeid mellom sjukehus og kommune i utvikling og etablering av læring og meistringstilbod.  
 
For meir informasjon om nettverket sjå Særavtale til Tenesteavtalane 2, 6 og 10. Lærings- og meistringsnettverk - Saman
 
For meir informasjon om Lærings- og meistrinssenteret sjå Lærings- og meistringssenteret (LMS) - Helse Bergen HF (helse-bergen.no)
 
For kontaktinformasjon til medlemmar i nettverket, og andre eksterne ressursar sjå Nettverk og eksterne ressursar - Helse Bergen HF (helse-bergen.no)
 

Rehabilitering – regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering


Kompetansesenteret driverse forsking, fagutvikling, nettverksbygging og undervisning innan habilitering og rehabilitering. 

Les meir på kompetansesenteret sine nettsider 



Dei fire områdeutvala

    Sist oppdatert 19.06.2024