Logo blå saman.no

FSU eldre med skrøpelighet

Mandat for fagleg samarbeidsutval for eldre med skrøpelighet. Skrøpelighet (engelsk: frailty) eller redusert motstandskraft, er eit kjenneteikn på ein geriatrisk pasient. Utvalet har oppstart hausten 2024.

Bakgrunn og formål 

Ifølgje Overordna samarbeidsavtale og tenesteavtale 1 skal dei faglege samarbeidsutvala utvikle og konkrete prosedyrar og tenestemodellar. Målet er å sikre heilskaplege og koordinerte helse- og omsorgstenester til pasientar og brukarar som har behov for tenester frå både kommune- og spesialisthelsetenesta.  

Dei faglege samarbeidsutvala skal identifisere utfordringar og drøfte problemstillingar, og finne løysingar som er til det beste for pasientar, brukarar og samfunnet som heilheit. 

Oppgåver og ansvar 

  • Følgje med på nasjonale føringar knytt til oppfølging og behandling av pasientar med skrøpelegheit.  
  • Bidra til å identifisere og foreslå relevante styringsdata for pasientgruppa. Skal være et rådgivande organ for Strategisk samarbeidsutval, basert på nasjonale føringar, tilgjengelege data og aktuelle prosjekt.  
  • Foreslå tiltak som bedrar pasientforløp, og samarbeid og dialog mellom sjukehusa, kommunane og fastlegane. Bidra til læring av uønskte hendingar og avvik mellom sjukehusa og kommunane.  
  • Følgje opp saker på bestilling frå Strategisk samarbeidsutval.  
  • Være en pådrivar i forbindelse med implementering av tiltak som blir foreslått i FSU.
  • FSU-et kan setje ned undergrupper/prosjektgrupper som er geografisk og/eller tematisk avgrensa til å sjå på konkrete problemstillingar. 
  • Den enkelte representanten orienterer og tar imot innspel frå egen organisasjon og de man representerer. Dette for å: 
  • Sikre forankring.  
  • Identifisere utfordringar og felles problemstillingar. 

Representasjon og samansetjing 

  • Ein kommunal representant frå kvart områdeutval, Bergen kommune kan ha to representantar, to representant frå Helse Bergen og ein representant frå Haraldsplass diakonale sjukehus, ein fastlegerepresentant og ein brukarrepresentant. 
  • Om det er behov kan gruppa knytte til seg anna kompetanse. 
  • FSU bør være organisatorisk og tverrfagleg samansett.  
  • Representantar blir valt for 2 år av gangen.  
  • Om det er behov kan gruppa knyte til seg annan kompetanse. 

Drift 

Møtefrekvens og møteleiing 

  • Minimum fire møter pr år. 
  • Primært fysiske møter. 
  • Gruppa konstituerer seg sjølv med leiar og nestleiar.  
  • Ein representant frå Samarbeidssekretariatet fasiliterer møta. 

Rapportering 

  • Referat frå FSU Eldre med skrøpelegheit sendes til Strategisk samarbeidsutval etter kvart møte.  
  • FSU Eldre med skrøpelegheit leverer årsrapport til Strategisk samarbeidsutval.  
  • Ressursar og økonomi 
  • Kvar part dekker utgift inntil representasjon. 
  • Brukarrepresentant får dekket utgifta frå den organisasjonen han/ho representerer. 
  • Fastlegerepresentant får dekket utgifta frå kommunen/regionen han/ho er tilsett i eller områdeutvalet som fastlegen er rekruttert ifrå.

Utskriftsvennleg versjon - Mandat FSU eldre med skrøpelighet (PDF)

Sist oppdatert 12.11.2024