Logo blå saman.no

FSU barn og unge

Mandat for fagleg samarbeidsutval for barn og unge som mottek tenester frå både kommune- og spesialisthelseteneste. Utvalet har oppstart hausten/vinteren 2024/25.

Bakgrunn og formål 

Ifølgje Overordna samarbeidsavtale og tenesteavtale 1 skal dei faglege samarbeidsutvala utvikle konkrete prosedyrar og tenestemodellar. Målet er å sikre heilskaplege og koordinerte helse- og omsorgstenester til pasientar og brukara som har behov for tenester frå både kommune- og spesialisthelsetenesta.

Dei faglege samarbeidsutvala skal identifisere utfordringar og drøfte problemstillingar, og finne løysingar som er til det beste for pasientar, brukarar og samfunnet som heilheit. 

Oppgåver og ansvar 

Fagleg samarbeidsutval for barn og unge skal mellom anna: 

  • Sjølv identifisere utfordringar og problemstillingar, til dømes ved å ta i bruk tilgjengeleg styringsdata 
  • FSU-et kan setje ned undergrupper/prosjektgrupper som er geografisk og/eller tematisk avgrensa til å sjå på konkrete problemstillingar 
  • Være eit rådgjevande organ for strategisk samarbeidsutval (SSU) samt følgje opp saker frå SSU 
  • Følgje opp nasjonale føringar for målgruppa, og sjå til pågåande og aktuelle prosjekt, arbeidsgrupper og nettverk som er relevante for målgruppa 
  • Bidra til auka kunnskap om kvarandre, og meir samarbeid og dialog mellom sjukehusa, kommunane, brukarane og fastlegane. 
  • Sjå til uønskte hendingar og avvik for å forbetre samhandlinga rundt målgruppa 

Representasjon og samansetning 

Representasjon og samansetning i dei faglege samarbeidsutvala følgjer som hovudregel same prinsipp som for SSU. Det betyr:  

  • Ein kommunal representant frå kvart områdeutval (Bergen kan ha to representantar) 
  • Inntil fire representantar frå spesialisthelsetenesta (tre frå helse Bergen, éin frå dei private ideelle)  
  • To brukarrepresentantar, ein frå kommune og ein frå sjukehus 
  • Fastlegerepresentant 

Den enkelte representanten har ansvar for å forankre oppgåver, arbeidsprosessar og løysingar hos dei han/ho representerer. 

Det faglege samarbeidsutvalet bør ha to fastlegerepresentantar, og ein brukarrepresentant frå kvart forvaltningsnivå. 

Representantane vert valde for fire år av gangen og skal ha ein vararepresentant. 

Om det er behov kan gruppa knytte til seg anna kompetanse. 

Rapportering  

Dei faglege samarbeidsutvala skal rapportere til strategisk samarbeidsutval minst éin gong per år. 

Drift 

Møteplan og framdrift 

Minimum fire møter per år, som kan bli supplert av fleire møter ved behov. Minst eitt av møta skal være fysisk. 

Det faglege samarbeidsutvalet skal sjølv sørge for framdrift i saker, og at gruppa svarer ut oppdraga som ho får. 

Møteleiing 

Gruppa konstituerer seg sjølv med leiar og nestleiar. Leiinga alternerer anna kvart år mellom kommunane og spesialisthelsetenesta, der leiar og nestleiar skal representere dei to nivåa. 

Det faglege samarbeidsutvalet er sjølv ansvarleg for sakslister og referat, men kan be om bistand ifrå samarbeidssekretariatet ved behov. 

Ressursar og økonomi 

Kvar part dekker kostnadar til representasjon for sine representantar. 

Brukarrepresentant får honorar frå den kommunen eller sjukehuset han/ho representerer. 

Fastlegerepresentant får dekka honorar frå kommunen fastlegen er tilsett i eller områdeutvalet som fastlegen er rekruttert ifrå.

 

Utskriftvennleg versjon - Mandat FSU barn og unge (PDF)

Sist oppdatert 12.11.2024