Logo blå saman.no

Særavtale til Tenesteavtalane 2, 6 og 10. Lærings- og meistringsnettverk

Samarbeid om opplæring av pasientar, brukarar og pårørande i eit lærings- og meistringsnettverk.

Det følgjer av spesialisthelsetenestelova § 3-8 at sjukehusa har eit særleg ansvar for opplæring av pasientar og pårørande. Helse- og omsorgstenestelova §§ 3-2 og 3-3 regulerer kommunane sitt ansvar til å fremja helse og søkje å førebyggje sjukdom, skade og sosiale problem. Dette skal mellom anna skje ved opplysningar, råd og rettleiing.

Læring og meistring rommar alt frå individuell pasient- og pårørandeopplæring til gruppetilbod og likemannsarbeid. Metodikken spenner frå overføring av kunnskap frå fagpersonar til pasientar og brukarar, til meistringstilbod der fag- og erfaringskompetanse er sidestilt. Fagpersonane si rolle er å bidra til å fremje pasient, brukar og pårørande sin motivasjon og deira ressursar. Det er eit mål at lærings- og meistringstilbod skal inngå i samanhengande heilskaplege løp for brukarar, pasientar og deira pårørande. Tilboda kan sjåast som ei læring- og mestringkjede, eit løp der personen sitt behov er styrande for kva tilbod som er aktuelle. Tilboda kan være individuelle eller gruppebaserte og finne stad i ulike fasar av løpet.

Denne særavtalen er i tråd med gjeldande lovverk og tenesteavtale 2 punkt 5.13, tenesteavtale 6 punkt 4.2 og 7.1 og tenesteavtale 10 punkt 6.1. I tilfelle motstrid mellom denne avtalen og tenesteavtalane skal tenesteavtalane ha forrang.

Avtalen gjeld mellom kommunane i Helse Bergen HF sitt føretaksområde, Helse Bergen HF og Haraldsplass Diakonale Sykehus AS (HDS).

Særavtalen skal sikre vidare drift av Lærings- og meistringsnettverket (LM-nettverket), og styrke samarbeidet mellom kommunane og spesialisthelsetenesta i arbeidet med opplæring av pasientar, brukarar og pårørande.

Dette skal skje gjennom å:

  • Leggje til rette for, og koordinere drifta av eit LM-nettverk
  • Styrke fagpersonar sin kompetanse innan lærings- og meistringsarbeid
  • Tydeleggjere partane sitt ansvar for lærings- og meistringstiltak
  • Styrke brukarmedverknad i lærings- og meistringsverksemd

Nettverket innan læring og meistring (LM-nettverket) er sett saman av fagpersonar og brukarrepresentantar som bidreg med lærings- og meistringstiltak overfor pasientar, brukarar og pårørande. Deltakarane i nettverket kjem både frå kommune- og spesialisthelsetenesta.

Fagpersonar er i denne samanhengen helsepersonell og anna personell med kompetanse innan lærings- og meistringsarbeid, og som i sitt arbeid har eit definert ansvar og ein definert funksjon innan lærings- og mesitringsverksemd.

Det er eit mål at LM-nettverket veks inn i sjukehusa og ut i kommunane. Dette kan blant anna skje ved at fagpersonar frå helsepedagogikkursa vert rekruttert inn i nettverket (jf. pkt. 6.1).

5.1 Organisering

LM-nettverket vert koordinert og drifta av ei felles arbeidsgruppe, som skal medverke til å planlegge, gjennomføre og evaluere tilbod som samla sett bidreg til betra meistring av helseutfordringer blant pasientar, brukarar og pårørande.

Arbeidsgruppa fungerer som samarbeidsutvala sitt kontaktpunkt i det tversgåande samarbeidet om lærings- og meistringstenester, og skal rapportere minimum ein gang årleg og elles ved behov.

Arbeidsgruppa kan ta initiativ til å søke om eksterne midlar for å delfinansiere prosjekt utgått frå samarbeidet.

Arbeidsgruppa er sett saman av fire (4) fagpersonar frå kommunane (ein rep. frå kvart utvalsområde), ein (l) representant frå kvar av dei andre partane i avtalen og ein (l) brukarrepresentant.
Brukarrepresentanten skal honorerast etter gjeldande reglar.

Oppnemning av representantane skjer for to (2) år om gongen. Arbeidsgruppa vel leiar for to (2) år om gongen. Når ein nemner opp nye representantar til arbeidsgruppa, bør partane ta omsyn til både kontinuitet og nyrekruttering.

5.2 Ansvarsdeling

5.2.1 Helseføretaka sitt ansvar er å:
  • sørgje for at LM-nettverket er forankra i strategiplaner
  • sørgje for at LM-nettverket vert gjort kjent og helde ved like i føretaket, samt rekruttere nytt helsepersonell inn i nettverket
  • arrangere eit årleg fagmøte/fagdag for LM-nettverket
5.2.2 Kommunane sitt ansvar er å:
  • forankre LM-arbeidet i kommunen
  • sørgje for at LM-nettverket blir kjent i kommunane, samt å bidra med rekruttering til LM-nettverket
  • ha system for oversikt over personar som inngår i LM-nettverket

Fellesansvar

Kommunane og helseføretaka skal samarbeide om gjensidig kompetansebygging og kompetanseoverføring for sine tilsette i forhold til helsepedagogiske tilbod. Kommunane og føretaka skal leggje til rette for at tilsette kan bidra og delta på kurs, nettverkssamlingar og andre relevante kompetansehevande tilbod.

Helseføretaka sitt ansvar er å:

  • arrangere kursmodul i helsepedagogikk kvart semester
  • arrangere kursmodul i endring annakvart semester
  • arrangere kursmodul i meistring annakvart semester
  • gjere kjent og leggje til rette for at fagpersonar rar moglegheit til å gjennomføre aktuelle kompetansemodular

 
Kommunane sitt ansvar er å:

  • gjere kjent og leggje til rette for at fagpersonar får moglegheit til å gjennomføre aktuelle kompetansemodular
  • bidra til vidare utvikling av kompetansemodulane

Fellesansvar

Etablering av lærings- og meistringstiltak er ein viktig komponent for å førebyggje sjukdom, skade og sosiale problem, og skal inngå i heilskaplege pasientløp.

Helseføretaka sitt ansvar er å:

  •  etablere lærings- og meistringstilbod for pasientar og pårørande som er relativt korte, intensive og ofte diagnosespesifikke. Tilboda skal i første omgang rette seg mot pasient- og brukargrupper som har behov for spesialistkompetanse utover det ein kan forvente at tenesta i kommunehelsetenesta har
  • bidra med rettleiing og/eller direkte deltaking i tilbod kommunane arrangerer, der det er formålstenleg og praktisk mogleg
  • sikre brukarmedverknad i ulike lærings- og meistringstiltak

Kommunane sitt ansvar er å:

  • etablere lærings- og meistringstilbod med fokus på førebygging og helsefremjing, samt det å leve med langvarig sjukdom eller helseutfordringar. Dette kan skje i regi av eigen kommune eller i interkommunalt samarbeid
  • sikre brukarmedverknad i ulike lærings- og meistringstiltak

Fellesansvar

Brukarmedverknad er sentralt i det å skape pasienten si helseteneste. Alle lærings- og meistringstiltak skal bere preg av respekt for den erfaringskunnskap som pasientar, brukarar og pårørande har med seg. Dette er likestilt med fagkunnskap.

Helseføretaka sitt ansvar er å:

  • arrangere kursmodul i brukarmedverknad i samarbeid med brukarutvala ved dei respektive sjukehus og pasientane sine paraplyorganisasjonar
  • bidra til å trygge brukarrepresentantane i deira arbeid og avklare rollene dei har i utvikling, gjennomføring og evaluering innan ulike lærings- og meistringstilbod
  • bidra til å rekruttere deltakarar til kursmodul for brukarrepresentantar

Kommunane sitt ansvar er å:

  • samarbeide med lovpålagte råd (eldreråd og råd for menneske med nedsett funksjonsevne) for å sikre brukarmedverknad i tilbod for pasientar, brukarar og pårørande med langvarige helseutfordringer
  • samarbeide med relevante ideelle lag og organisasjonar ved utvikling av ulike tiltak
  • bidra til å rekruttere deltakarar til kursmodul for brukarrepresentantar

Usemje og tvist skal løysast i tråd med overordna samarbeidsavtale. Konsekvensen av eventuelle avtalebrot er regulert i overordna samarbeidsavtale.

Avtalen trer i kraft 01.05.2017, og gjeld fram til ein av partane seier opp avtalen med eit års oppseiingsfrist.

Partane er einige om å gjennomgå avtalen i desember annakvart år og sørgje for at regelmessig rapportering og fortløpande evalueringar vert gjennomført.

Kvar av partane kan krevje at avtalen reviderast dersom vesentlege føresetnader for avtalen blir endra. Helse Bergen forpliktar seg til å ha gjeldande avtale liggjande på internett (saman.no) slik at den er tilgjengeleg for partane og sentrale helsemyndigheiter.

Avtalen i PDF: Særavtale til tenesteavtalane 2, 6 og 10. Lærings- og meistringsnettverk (PDF)

Til alle samarbeidavtalar

Sist oppdatert 10.01.2023