Logo blå saman.no

Strategisk samarbeidsutval

Strategisk samarbeidsutval (SSU) skal handsame og følgje opp prinsipielle saker som gjeld heile helsefellesskapet.

​Kommunale representantar

Føretaksrepresentantar

Brukarrepresentantar

  • Bjørn Sivertsen - leiar Eldrerådet, Bjørnafjorden kommune
  • Theresa Dang - Ungdomsrådet i Helse Bergen​​
  • Lars Jørgen Haugland - Ungdomsrådet i Helse Bergen 
  • Jan Elvøy​ (møtende vararepresentant) leiar Brukarutvalet, Haraldsplass Diakonale sjukehus

Observatørar med tale- og forslagsrett

Samarbeidssekretariatet

​18. mars, 31. mai, 22. oktober, 11. desember

  • Sikre oppfølging av samarbeidsavtalen gjennom å vedta årleg felles handlingsplan

  • Årleg gjennomgang av avtaleverket med sikte på naudsynte oppdateringar eller utvidingar, jf. helse- og omsorgstenestelova §6-5

  • Utvikle felles styringsinformasjon som grunnlag for betre planlegging, utvikling og prioritering

  • Avtale korleis tenester skal planleggjast og utviklast i fellesskap, og sikre gjensidig involvering i planprosessar 

  • Sikre prioritering av pasient- og brukargrupper i tråd med avtalen mellom regjeringa og KS 

  • Gje innspel til aktuelle nasjonale høyringar, planar etc., og vere ein pådrivar for at det vert utvikla nasjonale styringssystem, lovverk, finansieringsordningar som stimulerer til samhandling

  • Opprette og avvikle faglege samarbeidsorgan/nettverk etter behov. Nedsette tidsavgrensa arbeidsgrupper knytt til tiltak i felles handlingsplan, eller andre behov/problemstillingar

  • Utforme retningsline for deltaking og representasjon i helsefellesskapet (jf. pkt.5)

  • Handsame avtalar/retningsliner/prosedyrar/pasientforløp (før endeleg handsaming hos partane når dette er aktuelt)

  • Bidra til utvikling og spreiing av gode modellar for samhandling

  • Planlegge partnarskapsmøte (pkt. 5.1.)

  • Skal medverke til å løyse usemje i saker knytt til tolking av avtaleverket m.m.


  • 1 kommunal representant (overordna administrativ leiing/sektorleiar med delegert mynde frå rådmann eller kommunedirektør), utpeika frå kvart utvalsområde.

  • Bergen kommune kan utpeike to representantar

  • Så langt det er mogleg skal minst ein av dei kommunale representantane vere rådmann/ kommunedirektør

  • 5 representantar (overordna administrativ leiing) utpeika av spesialisthelsetenesta etter følgjande fordeling: Helse Bergen HF (3) - somatisk sektor, psykisk helsevern og overordna administrativ leiing med ansvar for samhandling; Haraldsplass Diakonale Sykehus AS (1); private-ideelle organisasjonar innan psykisk helsevern (1)

  • 2 brukarrepresentantar (1 frå kommunane og 1 frå spesialisthelsetenesta)

  • Det skal utpeikast personlege vararepresentantar


  • 1 representant frå KS
  • 1 representant hovudsamanslutningane
  • 1 fastlege
  • 1 kommuneoverlege
  • Samarbeidssekretariatet
  • På sak:
    • Leiarar av områdeutvala (pkt. 5.3.)
    • Leiarar av faglege samarbeidsutval (pkt. 5.4.)

  • Representantane i SSU er vald inn for 4 år om gongen
  • SSU konstituerer seg sjølv med leiar og nestleiar
  • Leiinga alternerer annakvart år mellom kommunane og spesialisthelsetenesta, der leiar  og nestleiar skal representere dei to nivåa, jf. avtalen mellom regjeringa og KS​
  • Samarbeidssekretariat er sekretariat for SSU. Referat frå møta skal publiserast på www.saman.no 
  • Alle partar kan melde saker til SSU. Sakene meldes til samarbeidssekretariatet. Leiar, nestleiar, brukarrepresentantane og samarbeidssekretariatet prioriterer saker for SSU
  • SSU skal minimum møtast 4 gonger i året​


Referat strategisk samarbeidsutvalg 

Møter 2024

Referat kommer her. 

Møter 2023

 

Sist oppdatert 01.07.2024