Fastlegerepresentasjon i helsefellesskapet
Fastlegerepresentantar har ei viktig rolle i arbeidet til helsefellesskapet. Gjennom deltaking i samarbeidsorgana bidreg dei med faglege perspektiv og erfaringar frå primærhelsetenesta. Her finn du informasjon om fastlegerolla og fastlegegruppa.
Om fastlegerolla i helsefellesskapet
Fastlegar i helsefellesskapet er representantar for fastlegetenesta i kommunane og skal gje innspel på sjølvstendig grunnlag. Dei skal bidra med faglege perspektiv, erfaringar frå primærhelsetenesta og kunnskap om pasientforløp på tvers av nivå.
Fastlegerepresentasjon i helsefellesskapet er ikkje ei tillitsvaldsoppgåve.
Les meir:
Fastlegegruppa
Strategisk samarbeidsutval vedtok i desember 2025 (sak 40/25) å etablere fastlegegruppa. Gruppa består av alle fastlegane som er faste representantar eller vararepresentantar i strategisk samarbeidsutval, områdeutvala eller dei faglege samarbeidsutvala.
Fastlegegruppa har møte inntil fire gonger à to timar per år, der eitt av møta kan vere fysisk. Møte i fastlegegruppa utover dei fire estimerte møta per år må avklarast med SSE på førehand. SSE avklarar ved behov med leiar og nestleiar i SSU.
Fastlegegruppa, heilt eller delvis, kan fungere som referansegruppe. Det inneber at det ikkje er behov for fastlegerepresentasjon i alle arbeids- og prosjektgrupper slik det tidlegare har vore. Fastlegestemma blir i staden ivareteken gjennom skriftlege innspel.
Oppnemning av fastlegerepresentantar
Vara
Det bør oppnemnast vararepresentantar for fastlegerepresentantane i strategisk samarbeidsutval og områdeutvala. Vararepresentanten møter når den faste representanten ikkje kan delta, med mindre utvalet sjølv har fastsett ei anna ordning. For å sikre kontinuitet bør vararepresentantar så langt som mogleg veljast frå fastlegegruppa.
Der det er oppnemnt personleg vara, kan denne delta som observatør.
Honorar for arbeid i helsefellesskapet
For næringsdrivande fastlegar som deltek som representantar eller vararepresentantar i helsefellesskapet gjeld følgjande:
- skal godgjerast tilsvarande den til ei kvar tid gjeldande honorarsats, jf. Rammeavtale mellom KS og Den norske legeforening, pkt. 12.5
- For møter, formøter og reisetid innan kontortida (fastlegen si avtalte opningstid) skal legen honorerast to gangar honorarsatsen per time
- For reisetid utanfor kontortid og saksførebuing skal legen honorerast time for time. Tidsbruken skal avklarast undervegs
For kommunalt tilsette fastlegar som deltek på vegne av fleire kommunar vil kommunen få kompensasjon for medgått tid etter same sats som for næringsdrivande fastlegar.
Spørsmål?
Ta kontakt med samarbeidssekretariatet.