Retningsline for brukarrolla i Helsefellesskapet i bergensområdet
1. Bakgrunn
Helsefellesskapet i bergensområdet er eitt av totalt 19 helsefellesskap i Norge. Målet med helsefellesskapa er å sikre meir samanhengande og berekraftige helse- og omsorgstenester.
I avtalen mellom KS og regjeringa frå 2019 om etablering av helsefellesskapa, og utviklingsavtalen frå 2024, vert det slått fast at brukarar skal vera representert på alle nivå i helsefelleskapa.
Helsefellesskapet i bergensområdet sin overordna samarbeidsavtale skriv at det skal vere to brukarrepresentantar på kvart nivå i helsefellesskapet: éin frå kommunane og éin frå spesialisthelsetenesta. Samansetninga i dei faglege samarbeidsutvala skal som hovudregel følgje same prinsipp, men minimum ein brukarrepresentant.
Målet med brukarrepresentasjonen er å sikra at pasientar og brukarar av helsetenester får innverknad på utforminga og utviklinga av tenestene.
2. Brukarrolla i Helsefellesskapet i bergensområdet
Brukarrepresentantane i helsefelleskapet skal bidra til å nå målet om ein meir samanhengande og berekraftig helseteneste ved å dele pasient- og brukarperpektivet inn i dei ulike fora i helsefellesskapet.
Brukarrolla i helsefellesskapet føreset at ein har interesse for, og evne til, å representera breitt, ut over eiga pasient-/brukarorganisasjon og/eller råd/utval.
Brukarrolla i helsefellesskapet er på mange måtar annleis enn brukarrolla i eit kommunalt råd eller i brukarutval i spesialisthelsetenesta. Det er difor viktig at det vert informert godt om brukarrolla i helsefellesskapet i forkant av ny oppnemning
Som brukarrepresentant i helsefellesskapet lyt ein ha eit overordna perspektiv og forståing for pasient- og brukargruppene. Helsefellesskapet skal jobbe for gode tenester for alle pasientgrupper uavhengig av forvaltningsnivå. Som brukarrepresentant må perspektivet difor vere på:
- heile pasientforløpet
- alle pasientgrupper
- på tvers av forvaltningsnivåa
Alle brukarrepresentantar i Helsefellesskapet har ansvar for å innhente innspel frå det organet dei er rekrutterte frå, når det er naudsynt, og å dele viktig informasjon frå helsefellesskapet tilbake til brukarorgana.
Det er viktig at brukarrepresentantane som vert oppnemnt har kjennskap til, og forståing for, kva verv dei tek på seg. Samarbeidssekretariatet (SSE) kan bidra med slik informasjon.
3. Oppnemning og funksjonstid
Hovudregelen er at det vert oppnemnt brukarrepresentant frå kvart forvaltningsnivå til kvart nivå i helsefellesskapsmodellen:
- Partnarskapsmøte
- Strategisk samarbeidsutval (SSU)
- Fire områdeutval (OU)
- Alle dei faglege samarbeidsutvala (FSU)
Funksjonstida for representantar i Helsefellesskapet for bergensområdet, inkludert brukarrepresentantar, er omtalt i overordna samarbeidsavtale. I same avtale står det kor representantane skal rekrutterast ifrå. For dei faglege samarbeidsuvala (FSU), kan funksjonstida variere noko.
Brukarrepresentantane vert rekruttert frå høvesvis brukerutval og ungdomsråd i spesialisthelsetenesta og frå kommunale råd for eldre, personar med funksjonsnedsetting og ungdomsråd.
SSE skal initiere prosessen rundt oppnemning. Dette inneber å melde sak om behov for oppnemning til dei rette fora i god tid før funksjonstida opphøyrer. Dersom ein brukarrepresentant fråtrer vervet sitt før funksjonstida opphøyrer, skal vedkommande melde dette både til brukarorganet vedkommande kjem ifrå, og til SSE.
4. Brukarrepresentantgruppa i helsefellesskapet
Brukarrepresentantgruppa består av brukarrepresentantane som har verv i dei faste utvala i Helsefellesskapet i bergensområdet. Gruppa si funksjon er å :
- Drøfte aktuelle saker og problemstillingar
- Fungere som høyringsinstans eller referansegruppe når det er naudsynt, til dømes i samband med arbeid i avgrensa arbeidsgrupper
- Skape felles forståing for brukarrolla i Helsefellesskapet
- Utvikle og styrke brukarrolla og -stemma, og gjere den kjend i eige brukarorgan
Brukarrepresentantgruppa har møter inntil 4 gongar i året. Minst eitt møte bør vera fysisk. Møta bør gjennomførast i samband med møta i områdeutvala og Strategisk samarbeidsutval. Gruppa bør velje ein leiar og nestleiar frå dei to forvaltningsnivå. Gruppa har inga avgjerdsmynde. SSE skal delta i møta som gruppa gjennomfører.
5. Honorering av brukarrepresentantar
Brukarrepresentantar i Helsefellesskapet i bergensområdet får honorar etter eiga sats, uavhengig av kva brukarorgan dei er rekrutterte ifrå. Helsefellesskapet brukar ei honorarsats som er vedteken av dei fire regionale helseføretaka og gjeld brukarmedverknad på systemnivå.
Følgjande tidsbruk er estimert for brukarrepresentantane i Helsefellesskapet kvart år:
| Utval | Antall i året | Aktuelt for | Timar |
| Partnarskaps- møte |
1 | Brukarrepresentantar i SSU | 5-6 |
| Strategisk samarbeids- utval |
4 | Brukarrepresentantar i SSU | 3 |
| Områdeutval | 4 | Brukarrepresentantar i områdeutvala | 2-3 |
| Fagleg samarbeids- utval |
4 | Brukarrepresentantar i dei faglege samarbeidsutvala | 2 |
| Førebuing | 4 | Det kan førast 1 time førebuing i samband med kvart møte i SSU og OU. Øvrig førebuing må avklarast med den som er ansvarleg for utbetaling av honorar. | 1 |
| Faste møter i brukar- representant-gruppa |
4 | Alle brukarrepresentantane i Helsefellesskapet | 2 |
Brukarrepresentantane skal sende krav om utbetaling av honorar til den organisasjonen/parten ein er oppnemnd frå (for brukarrepresentantane i områdeutvalet for Voss gjeld eigne reglar då partane har eige budsjett for OU Voss).