ROP-forløpet
ROP-forløpet skal sikre at pasientar med samtidig psykisk sjukdom og rusmiddelproblematikk opplever eit koordinert og samanhengande tjenestetilbod. Forløpet er i tråd med nasjonal fagleg retningsline for utgreiing, behandling og oppfølging av ROP-pasientar, og pakkeforløp for psykisk helse og rus.
Kva pasientar blir inkludert i ROP-forløpet?
ROP-forløpet (rus og psykiatri- forløpet) inkluderer alle personar over 18 år som har ei mistenkt alvorleg psykisk liding kombinert med rusmedelproblematikk, og er behandlingstrengande. Dette gjeld uavhengig av om rusmiddelproblemet kan definerast som ei rusliding (skadeleg bruk/eller avhengigheit). I tillegg omfattar forløpet personar over 18 år som både har mistenkt mindre alvorleg psykisk liding og rusmiddelproblematikk, der kvar av dei to områda er forbunde med uttalt funksjonssvikt.
Kven har hovudansvaret for pasienten?
Det er svært viktig at det blir identifisert kven som har hovudansvaret for pasienten, og dermed kven som primært skal behandle vedkomande. Behandlande eining som har hovudansvaret, har også plikt til å ta initiativ til samarbeid om forløpet for pasienten.
Ansvar for behandling blir tildelt ulike einingar etter kartlegging ut frå fire kategoriar i forhold til alvorleghetsgrad og tilhørande ansvarleg fagområde, som vist i tabellen under:
Korleis skal vi samarbeide om forløpet for pasienten?
Alle pasientar skal sikrast fullgod utgreiing, behandling og oppfølging for begge lidingar gjennom heile forløpet. For nokre pasientar vil behandlinga gå føre seg på fleire stadar, medan det for andre vil skje integrert på same stad. Den enkelte behandlar må fortløpande ta initiativ til og ansvar for tiltak som sikrar godt samarbeid gjennom hele forløpet, basert på følgande sterke anbefalingar: