Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Logo blå saman.no

Partnarskapsmøtet 2024

Partnarskapsmøtet stilte seg bak strategi for helsefellesskapet

Den nye strategien har fem hovudpunkt som skal gje retning for arbeidet i helsefellesskapet. Strategien er no til behandling i kommunane og i spesialisthelsetenesta.

Publisert 19.02.2024
Sist oppdatert 22.08.2024
En gruppe mennesker på scenen
Frå diskusjonen om erfaringane så langt i helsefellesskapet.

Partnarskapsmøtet 2024 vart arrangert 15. februar 2024 på Kulturhuset i Bergen.

Partnarskapsmøtet vert arrangert årleg, og skal mellom anna peike ut overordna retning helsefellesskapet. Strategisk samarbeidsutval (SSU) er programkomité for partnarskapsmøtet, og i år var Helse Bergen arrangør.

Stilte seg bak strategi

I partnarskapsmøtet i 2023 fekk SSU i oppdrag å utarbeide ein overordna strategi for Helsefellesskapet i bergensområdet. Frå sommaren 2023 har det blitt jobba godt med å utarbeide eit utkast til felles overordna strategi, med målsetting om å sikre tilslutnad til strategien i partnarskapsmøtet 2024.

Med nokre få språklege justeringar stilte eit samla partnarskapsmøte seg bak den nye strategien. Neste steg blir no politisk behandling av strategien i dei 18 kommunane og i styra i spesialisthelsetjenesta.

Helsefellesskapet skal i fellesskap finna gode løysingar for innbyggjarane. Dette skal skje ved:

  • sterkare samhandling
  • tydelege prioriteringar
  • smart bruk av kompetanse
  • samhandlingsbudsjett
  • heilskaplege digitale løysingar

Erfaringar så langt

Møteleiarane var leiar og nestleiar i SSU: kommunedirektør Johnny Breivik (Øygarden kommune) og viseadministrerande direktør Randi-Luise Møgster (Helse Bergen HF). Dei losa forsamlingen gjennom eit program som mellom anna inneheldt refleksjonar frå representantar i helsefellesskapet om kva ein har fått til i samhandlingsmodellen.

Her delte leiarar og nestleiarar frå områdeutvala, saman med brukar- og fastlegefastlegerepresentant, deira erfaringar så langt.

Diskuterte finansiering av helsefellesskapet

Ny Nasjonal helse- og samhandlingsplan blir viktig for helsefellesskapa, men er enno ikkje publisert. Frå Helse- og omsorgsdepartementet blei hovudlinene likevel presentert, og presentasjonen bidrog mellom anna ein god diskusjon om finansiering av helsefellesskapet.  

Helsedirektoratet presenterte styringsdata for helsefellesskapa. Dei inviterte partnarane til å seie kva dei ynskjer av styringsinformasjon og analyser for å kunne utføre oppdraget i helsefellesskapet på best mogleg måte.  

Kulturhuset bidro til kulturelle rammer for møtet, og musikkterapeut med artistar sørga for at det òg blei musikalske innslag i partnarskapsmøtet.