Samarbeid mellom fastlege, institusjonslege og lege i sjukehus (Tre legar, éin pasient)
Prosjektet utforskar samarbeid mellom fastlege, institusjonslege og lege i sjukehus. Målet er å utvikle betre samarbeid gjennom auka kunnskap, tydelegare rutinar og meir effektiv kommunikasjon.
Prosjekttittel: Samarbeid mellom fastlege, institusjonslege og lege i sjukehus (Tre legar, éin pasient)
Hvem: Helse Bergen og Bergen kommune, med tilslutning fra flere parter
Tildelt tilskudd i kroner: 900 000,-
Hva: Målet er å utvikle samarbeid gjennom auka kunnskap, tydelegare rutinar og meir effektiv kommunikasjon. Ein ønskjer system som gjer det lettare å nå kvarandre for råd og drøfting, redusere dobbeltarbeid og sikre betre pasientflyt.
Hvorfor: I dag samarbeider fastlegar, institusjonslegar og legar i sjukehuset godt, men erfaring syner det er potensiale for meir og tettare samarbeid. Eit samarbeid som vil gje gevinst for alle partar og ikkje minst for pasient og pårørande.
For å kunne identifisere behov og setje i verk tiltak må partane ha ein arena/møteplass for å kunne gjere dette. I prosjektet vil ein prøve å lage slike møteplassar, i lag bli einige om utfordringar, mogelege løysingar og implementering.
Døme på områder er korleis leggje til rette for god og hensiktsmessig dialog, innhald i både henvisningar og avslag, innhald i epikrisar, kollegastøtte både for dei nyutdanna og dei med lang erfaring, møteplassar, pasientforløp, digitale løysingar mm.
I Helsefellesskapet i bergensområdet er det omlag 500 fastlegar, 100 sjukeheimslegar og 2000 legar i sjukehusa. Eit godt arbeid i prosjektet vil kunne påverke både lokalt, regionalt og nasjonalt.
Kontaktperson:
- Grete Lill Hjartnes, Samhandlingssjef, Helse Bergen
- E-post: grete.lill.hjartnes@helse-bergen.no
- Telefon: 47 23 49 18