Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Rekruttrings- og samhandlingsprosjekt 2026

Kan kombinerte stillingar innan psykisk helse føre til betre samhandling, meir effektiv drift og gode pasientforløp for gravide og barselkvinner? 

Prosjekttittel: Kan kombinerte stillingar innan psykisk helse føre til betre samhandling, meir effektiv drift og gode pasientforløp for gravide og barselkvinner? 

Hvem: Familiehelsetenesta v/helsestasjon- og jordmortenesta, fastlegar v/kommunelegen i Øygarden kommune og Helse Bergen v/Øyane DPS.

Tildelt tilskudd i kroner: 900 000,-

Hva: Det vert etablert ei arbeidsgruppe med representantar frå fastlege, kommune og spesialisthelsetenesta, samt tilsett ein psykolog i kombinert stilling mellom nivåa. Prosjektet skal vurdere behandlingstilbod, identifisere samhandlingsutfordringar og analysere korleis eksisterande tilbod kan samordnast for betre kunnskapsdeling og utvikling.

Det skal arrangerast ein felles fagdag og gjennomførast brukarundersøkingar.  

Målet er at kvinner med behov for ekstra støtte og oppfølging, skal oppleva eit samanhengande og trygt helsetilbod gjennom svangerskapet, fødselen og barseltida. Samarbeid på tvers av einingar skal gi felles rutinar, meir fleksibilitet, styrkt kompetanse og betre oppfølging – alltid med brukaren/pasienten sitt beste som overordna prinsipp.

Hvorfor: For DPS vil tiltaket kunne redusere talet på tilvisingar og frigjere kapasitet i spesialisthelsetenesta. Kombinasjonsstillingar kan styrkje samanheng og redusere informasjonsbrot. Kvinner vil kunna stå lenger i arbeid og dermed bidra til auka arbeidsdeltaking, høgare skatteinntekter, lågare sjukmeldingskostnader og reduserte utgifter for Nav. Tidleg innsats kan bidra til å førebyggja utviklingsrelaterte avvik og redusere risikoen for tilknytingsvanskar hos barnet. Erfaringane kan nyttast i andre kommunar og av fastlegar som samhandlar med Helse Bergen.

Kontaktperson:

Sist oppdatert 22.06.2026