Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Ikon

Prosjekt X - Ny samhandlingsmodell i Voss lokalsjukehusområde

"Prosjekt X - Ny samhandlingsmodell i Voss lokalsjukehusområde" er eitt av 14 nasjonale prosjekt i Helsereformsatsinga til regjeringa.

Kva er Prosjekt X?
 
Regjeringen varsla i 2025 ei helsereform for å skape betre samanheng i helse- og omsorgstenestene. Som ein del av arbeidet vert det prøvd ut nye formar for samarbeid mellom kommunar, fastlegar og sjukehus. Desse utprøvingane vert kalla Prosjekt X. 
I Voss lokalsjukehusområde utviklar m ein ny samhandlingsmodell som skal gje innbyggjarane meir samordna, føreseielege og berekraftige helsetenester. Arbeidet skal òg bidra med erfaringar til det nasjonale reformarbeidet i Helsereformutvalget. 
 
 
Kven deltek?

Prosjektet er eit samarbeid mellom:

  • Vaksdal kommune
  • Eidfjord kommune
  • Kvam herad
  • Ulvik herad
  • Voss herad
  • Voss DPS NKS Bjørkeli

Målet med prosjektet
Målet er å utvikle og prøve ut ein ny samhandlingsmodell mellom kommunane, fastlegane og spesialisthelsetenesta i Voss lokalsjukehusområde. Modellen skal bidra til: 
Prosjektet omfattar to pasientgrupper: 
 
Eldre med skrøpelegheit
Målet er å etablere tverrfaglege avklaringsteam der kommune, fastlege og spesialisthelseteneste saman vurderer behov, fattar felles beslutningar og koordinerer oppfølging for eldre med skrøpelegheit.
 
Føde/barsel: perinatal mental helse
Målet er å etablere tverrfaglege avklaringsteam der kommune, fastlege og spesialisthelseteneste saman vurderer behov, fattar felles beslutningar og koordinerer oppfølging for gravide og nybakte foreldre med behov for psykisk helsehjelp.
 
Korleis arbeider me?
Kjernen i ny samhandlingsmodell er felles leiing, felles finansiering - felles drift innan utvalde område. Dette testar me ut via tverrfaglege avklaringsteam kvar relevante fagpersonar frå kommune og spesialisthelseteneste møtest for å vurdere behov, fatte felles beslutningar og koordinere vidare oppfylging. Pasienten sine behov og ynskjer står i sentrum. Me ynskjer at pasientane skal oppleve eitt samla tenestetilbod framfor fleire separate tenester. 
 
Medverknad
Prosjektet vert utvikla i tett samarbeid med: 
  • Pårøranderepresentantar
 
Tidsplan:
Milepæl
 
Konseptfase
Vår 2026
Oppstart utprøving
Sept. 2026
Pilot og evaluering
Pågår
 
Presentasjon 
Siste oppdaterte presentasjon om prosjektet:
 
 
Kontakt 
Liv Jorunn Solstad
Prosjektleiar, Voss herad 
📧 liv.j.solstad@voss.herad.no
📞 415 00 856

Gunn Iren Hovda Engvold
Prosjektleiar, Helse Bergen / Voss sjukehus
📧 gunn.iren.hovda.engvold@helse-bergen.no
📞 416 94 311

Sist oppdatert 16.10.2026