Prosjekt X er eit samhandlingsprosjekt mellom:
· Vaksdal kommune
· Eidfjord kommune
· Kvam herad
· Ulvik herad
· Voss herad
· Voss DPS NKS Bjørkeli
· Helse Bergen / Voss sjukehus
Mål for prosjektet
Prosjektet skal utvikle ein ny og meir framtidsretta samhandlingsmodell mellom kommunane og spesialisthelsetenesta i Voss lokalsjukehusområde. Målet er å sikre eit betre, meir heilskapleg og berekraftig helsetenestetilbod for innbyggjarane.
Arbeidet har særleg fokus på:
· Føde- og barseltilbodet
· Eldre med skrøpelegheit
Eit tettare samarbeid mellom tenestene skal bidra til raskare avklaringar, enklare samhandling og tryggare overgangar for pasientar mellom kommune og sjukehus. Prosjektet er òg ein del av kunnskapsgrunnlaget til Helsereformutvalet, som vurderer framtidig organisering av norsk helseteneste.
Medverkad frå tilsette og brukarrepresentantar
Prosjektet vert utvikla i tett dialog med både tilsette, brukar- og pårøranderepresentantar frå heile lokalsjukehusområdet. Dette sikrar at erfaringar, behov for forslag frå praksisfeltet og brukarane vert integrerte i løysingane som vert utvikla.
Framdrift
Prosjektrapport med tilrådingar skal vere ferdig innan 19. juni 2026.
Utprøving og pilotering er planlagt gjennom hausten 2026.
Kontakt prosjektleiarar
Liv Jorunn Solstad, Voss herad
E‑post: liv.j.solstad@voss.herad.no
Telefon: 415 00 856
Gunn Iren Hovda Engvold, Helse Bergen / Voss sjukehus
E‑post: gunn.iren.hovda.engvold@helse-bergen.no
Telefon: 416 94 311
