Handlingsplan
Handlingsplanen er eit verktøy som skal vera førande for helsefellesskapet sine aktiviteter i inneverande periode.
Handlingsplanen vert utarbeidd med bakgrunn i overordna føringar, som ei oppfølging av strategi, avtaleverket og etter innspel frå partane. Planen er todelt, der oppfølging av strategien utgjer første del og avtaleverket utgjer andre del.
Siste oppdatering: 7. oktober 2026
Oppfølging av strategien
Sterkare samhandling – ein felles kultur
- Tiltak: Gjennomføre evaluering av helsefellesskapet
- Partnarskapsmøte ga i 2026 SSU i oppdrag å gjennomføre ein evaluering av helsefellesskapet. Status per oktober: arbeidsgruppa er igang med arbeidet.
- Tiltak: Etablere FSU for pasientar med fleire kroniske lidingar
- Status per oktober 2026: Vedteken av strategisk samarbeidsutval. Forventa oppstart hausten 2026.
- Tiltak: Etablere FSU for kvinner i svangerskap, fødsel og barseltid
- Status per oktober 2026: Vedteken av strategisk samarbeidsutval. Forventa oppstart hausten 2026.
- Tiltak: Følgje opp innspelskonferanse om frivilligheit
- Status per oktober: ny sak i SSU desember 2026
Prioriteringar – kloke val saman
- Tiltak: Utvikle felles kriterium for prioriteringar
- Status per oktober 2026: Ikkje starta.
- Tiltak: Planleggje for å handtere kriser og krig
- Status per oktober 2026:
- Ny særavtale til tenesteavtale 11 om høyna beredskap ved kriser og krig: Avtaleteksten er vedtatt av SSU, og er sendt til partane for handsaming og signering.
- Arbeidsgruppe knytta til kompetanseløft: Arbeidsgruppa hadde oppstartsmøte i august 2026.
Rekruttering og bemanning – smart bruk av kompetansen vår
- Tiltak: Kartlegging av personell og kompetanse
- SSU vedtok i oktober 2025 å etablere ei arbeidgruppe som skal kartlegge personell og kompetanse hos partane i helsefellesskapet. Status per oktober 2026: Endeleg utkast til rapport blir presentert i desember 2026.
- Tiltak: Etablera regelmessig møtepunkt med utdanningssektoren
- Status per oktober 2026: Årlig møte med utdanningssektoren gjennomført SSU-møtet 11. mars 2026. Samarbeidet held fram med relevante partar frå UH-sektor. Intensjon om nytt møte i SSU våren 2027.
- Tiltak: Sjå etter moglege løysning(ar) for delte stillingar og/eller hospitering
- Status per oktober 2026: Ikkje starta
Teknologi og digitalisering – løysingar som samsnakkar og avlastar
- Tiltak: Innføring av PLL (Pasientens legemiddelliste) i helsefellesskapet
- Status per oktober 2026: Prosjektet fekk støtte frå Helseteknologiordninga 2026. Innføringa fortset i vårt område, spesielt innanfor sektor pleie og omsorg. I vårt helsefellesskapet er PLL bredda til nesten alle fastlegane. Prosjektet skal no også utvidast til helsefellesskapa i området til Helse Vest.
- Tiltak: Samhandlingsprosjekt Digital hjemmeoppfølging
- Status per oktober 2026: Prosjektet fekk rekrutterings- og samhandlingstilskot frå helsefellesskapet i 2025 og 2026. Tentativ ferdigstilling hausten 2026.
Revisjon av avtaleverket
Utarbeide avtale 13 om barn og unge
Status per oktober 2026: Strategisk samarbeidsutval stilte seg bak endeleg avtaleutkast i juni 2026. Avtalen er sendt til partane for handsaming og signering.
Revisjon av særavtale om LIS1-rekruttering
Avtalen er ein særavtale til tenesteavtale 7.
Status per oktober 2026: Revidert særavtale blei vedteken i SSU 11. mars 2026, og er sendt til partane for handsaming og signering.
Revisjon av tenesteavtalane 3 og 5 (inn- og utskriving av pasientar)
Målsetting om éin samla avtale for både somatikk og psykisk helse og rus (per i dag er det eigen avtale for kvart tenesteområde).
Status pr oktober 2026: Arbeidet pågår. Planlagt ferdigstilling hausten 2026.
Revisjon av særavtale om behov for følgje
Særavtalen til tenesteavtale 2.
Status pr oktober 2026: Arbeidet pågår. Dette arbeidet vert og sett i relasjon til arbeid med revisjon av tenesteavtalane 3 og 5. Tentativ ferdigstilling hausten 2026.
Etablering av ny særavtale om legemiddelberedskap
Etablering av ny avtale. Avtalen skal vere ein særavtale til tenesteavtale 11.
Status per oktober 2026: Mandat, prosess og samansetting av arbeidsgruppe blei vedteken i SSU 11. mars 2026 (sak 07/26). Første møte i arbeidsgruppa er gjennomført.
Revisjon av tenesteavtale 9
Revisjon av tenesteavtale 9, som gjeld samarbeid om IKT-løysingar.
Status per oktober 2026: Mandat, prosess og samansetting av arbeidsgruppe blei vedteken i SSU 11. mars 2026 (sak 03/26). Første møte i arbeidsgruppa er gjennomført.
Evaluering og ev. justering av særavtale om helsefagarbeidarar
Avtalen er ein særavtale til tenesteavtale 7, og gjeld samarbeid om opplæring av helsefagarbeider-lærlingar.
Status per oktober 2026: Evaluering og mogleg justering blei vedteken av SSU i desember 2025 (sak 38/25). Gruppa gjennomførte to møter våren 2026 og vart einige om å seie opp særavtalen. Oppsigelsen trer i kraft frå juni 2026 og blir gjeldende frå juni 2027.
Etablering av ny særavtale om høyna beredskap ved kriser og krig
Avtalen er ein særavtale til tenesteavtale 11 og skal omhandle samarbeid ved høyna beredskap ved sikkerheitspolitiske krisar og krig.
Status per oktober 2026: Særavtalen blei vedteken i SSU 11. mars 2026. Den er sendt til partane for handsaming og signering.
Etablering av ny særavtale om samarbeid i den akuttmedisinske kjeda
Avtalen er ein særavtale til Tenesteavtale 11 og skal omhandle samarbeid i den akuttmedisinske kjeda.
Status per oktober 2026: SSU vedtok i mars 2026 å etablere ei arbeidsgruppa som skal utarbeide utkast til særavtalen. Arbeidsgruppa har hatt oppstartsmøte. tentativ ferdigstilling våren 2027.
Revisjon av tenesteavtale 11 - Samarbeid om helseberedskap
Status per oktober: SSU vedtok i juni 2026 Tenesteavtale 11. Avtalen er sendt til partane for handsaming og signering.