Mandatet blei vedtatt av strategisk samarbeidsutval i oktober 2024, og utvalet blei starta opp på seinhausten 2024.
Ifølgje Overordna samarbeidsavtale og tenesteavtale 1 skal dei faglege samarbeidsutvala utvikle konkrete prosedyrar og tenestemodellar. Målet er å sikre heilskaplege og koordinerte helse- og omsorgstenester til pasientar og brukara som har behov for tenester frå både kommune- og spesialisthelsetenesta.
Dei faglege samarbeidsutvala skal identifisere utfordringar og drøfte problemstillingar, og finne løysingar som er til det beste for pasientar, brukarar og samfunnet som heilheit.
Fagleg samarbeidsutval for barn og unge skal mellom anna:
Representasjon og samansetning i dei faglege samarbeidsutvala følgjer som hovudregel same prinsipp som for SSU. Det betyr:
Den enkelte representanten har ansvar for å forankre oppgåver, arbeidsprosessar og løysingar hos dei han/ho representerer.
Det faglege samarbeidsutvalet bør ha to fastlegerepresentantar, og ein brukarrepresentant frå kvart forvaltningsnivå.
Representantane vert valde for fire år av gangen og skal ha ein vararepresentant.
Om det er behov kan gruppa knytte til seg anna kompetanse.
Dei faglege samarbeidsutvala skal rapportere til strategisk samarbeidsutval minst éin gong per år.
Minimum fire møter per år, som kan bli supplert av fleire møter ved behov. Minst eitt av møta skal være fysisk.
Det faglege samarbeidsutvalet skal sjølv sørge for framdrift i saker, og at gruppa svarer ut oppdraga som ho får.
Gruppa konstituerer seg sjølv med leiar og nestleiar. Leiinga alternerer anna kvart år mellom kommunane og spesialisthelsetenesta, der leiar og nestleiar skal representere dei to nivåa.
Det faglege samarbeidsutvalet er sjølv ansvarleg for sakslister og referat, men kan be om bistand ifrå samarbeidssekretariatet ved behov.
Kvar part dekker kostnadar til representasjon for sine representantar.
Brukarrepresentant får honorar frå den kommunen eller sjukehuset han/ho representerer.
Fastlegerepresentant får dekka honorar frå kommunen fastlegen er tilsett i eller områdeutvalet som fastlegen er rekruttert ifrå.