Partane er etter Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. § 6-2 nr. 11 pålagt å inngå samarbeidsavtale om omforeina beredskapsplanar.
Avtalen er utarbeidd i samsvar med:
- Lov om helsemessig og sosial beredskap (helseberedskapsloven)
- Lov om spesialisthelsetjenesten m.m. (spesialisthelsetjenesteloven)
- Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester mm. (helse og omsorgstjenesteloven)
- Forskrift om krav til og organisering av kommunal legevaktordning, ambulansetjeneste, medisinsk nødmeldetjeneste mv. (akuttmedisinforskriften)
- Forskrift om krav til beredskapsplanlegging og beredskapsarbeid mv. etter lov om helsemessig og sosial beredskap
- Nasjonal helseberedskapsplan (2018)
- Rettleiingsmateriell frå Helsedirektoratet
- Overordna samarbeidsavtale om samhandling
Partane inngjekk samarbeidsavtale om omforeina beredskapsplanar og om planar for den akuttmedisinske kjeda i 2012.
Akuttmedisinforskrifta kom i 2015, og har tydeleggjort korleis samhandlinga om den akuttmedisinske kjeda skal gjerast. Det er difor einigheit om å revidere eksisterande avtale, og utarbeide særavtalar for å sikre lik forståing av korleis ein skal etterleve krava i forskrifta.
Partane er einig om at ein forstår formuleringa «omforeina beredskapsplanar» slik at det er eit krav om at kommunar og helseføretak skal samordne og dele sine beredskapsplanar og andre planar som er relevante for den akuttmedisinske kjeda. Partane er einige om at dette gjerast i tråd med overordna samarbeidsavtale (pt. pkt. 8).
Det følger av nasjonal helseberedskapsplan at alle verksemdene i helse- og omsorgssektoren har ansvar for å koordinere eigne førebuingar på bedredskapssituasjonar, slik at alle aktørar kan ta vare på sin rolle og sitt ansvar i godt samvirke med dei andre aktørane i eigen og andre sektorar.