Samhandling på tvers av tenestenivå i Voss lokalsjukehusområde

Voss lokalsjukehuskonferanse 2025 «Løfte saman»

Publisert 19.05.2025
Sist oppdatert 18.06.2025
En gruppe mennesker

Den 25.september arrangerer Voss lokalsjukehusområde konferanse på Voss Scandic, og du er velkommen!

Trykk her for påmelding.

Deltakaravgift: 1000,-
Påmeldingsfrist: 25.juni 2025

 

Program

Fokus på dagen er samhandling, og det vil belysast med både faginnlegg, inspirerande eksempel og paneldebatt. Målgruppa for dagen er primært tilsette i kommunane og spesialisthelsenesta i Voss lokalsjukehusområde, men også andre er velkomne!

Sjå Program.pdf, og les gjerne under for meir detaljar.

Faginnlegg

«Hjelp, skal vi samarbeide?»

Mange strevar med å få til samarbeidet. Trude Senneseth har fersk forsking og løysingar å dele med oss. I føredraget vil vi læra meir om samskaping av betre tenester til felles brukarar, og korleis vi kan løysa samfunnsutfordringar på ein berekraftig måte.

Psykologspesialist / aksjonsforskar Trude Senneseth er programansvarlig for SAMSKAPING I VEST der kommunar, spesialisthelseteneste og NAV løyser samfunnsoppdraga sine saman gjennom eit lokalt Helsefellesskap for psykisk helse.

 

«Når borna held familieskipet flytande»

Ein familie i krise påverkar både stor og liten. For å gjere situasjonen best mogleg kan born utvikle kompensatoriske eigenskapar og streve etter å konstant vera snill og flink. Dette kan vera godt for familien i starten, men utfordrar helsa til borna på sikt dersom normaltilstanden ikkje vert retta opp igjen.

Paul Joachim Bloch Thorsen er spesialist i barne- og ungdomspsykiatri, og jobbar som seksjonsleiar på Barneposten ved Haukeland universitetssjukehus.

 

«Geriatri i notid og framtid»

Eldre pasientar har ofte samansette behov, og det krev god samhandling mellom kommune og sjukehus. Når tenestene samarbeider godt – med klare avtalar, god informasjonsflyt og felles forståing – blir overgangen tryggare for pasienten. Samtidig bidreg det til meir målretta bruk av ressursar og kan redusere behovet for unødvendige tenester og reinnleggingar.

Magnus Wiger Austefjord er spesialist i geriatri, og har jobba ei årrekke ved Voss sjukehus

 

Eksempel på velfungerande samhandling:

Leiar for Underutval for akuttmedisinsk beredskap (UFAB) og kommuneoverlege i Eidfjord, Rita Høvset, vil fortelje om korleis regionen samhandlar om den akuttmedisinske kjeda. 

Leiar ved føden på Voss sjukehus, Hege Aldal Indrebø, vil saman med leiar for helsestasjon- og skulehelsetenesta i Voss herad, Nina Helgaset, fortelje om korleis dei samarbeider om jordmortenester på tvers av tenestenivå.

Kathrine Dahle er rådgjevar ved Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetenester og vil fortelje korleis dei jobbar for å betre støtte til pårørande gjennom arbeid med pårørandestrategi og pårørandearbeid i regionen.

Merete Eide Hernes frå Seksjon for Samhandling vil vise eksempel på korleis Helse Bergen jobbar systematisk for å styrke samhandlinga mellom kommunane og sjukehuset i føretaksområdet.