Samhandlingstilskot til Helsefellesskapet i bergensområdet
I revidert nasjonalbudsjett for 2024 vart det bevilga eit varig rekrutterings- og samhandlingstilskot, som skal kunne brukast etter semje mellom helseføretak og aktuell kommune/kommunar. For Helsefellesskapet i bergensområdet utgjer samhandlingstilskotet cirka 13 millioner kroner for inneverande år.
Strategisk samarbeidsutval (SSU) har vedteke å etablere ei arbeidsgruppe beståande av leiarar og nestleiarar i dei fire områdeutvala (sak 16/24). Arbeidsgruppa skal føreslå ein modell for fellesskapet sine samhandlingsmidlar, og føreslå kriteriar for korleis samhandlingstilskotet bør tildelast. Arbeidsgruppa har som målsetting å levere eit utkast til modell, og kriteriar for tildeling av samhandlingstilskotet til SSU for handsaming i møte 22. oktober 2024.
Sjå og sak på Kommunesektoren organisasjon (KS); Nytt rekrutterings- og samhandlingstilskudd for helsetjenesten - KS