Logo blå saman.no

Fokus på gode overgangar på "Møteplassen 2024"

Møteplassen 2024 vart arrangert 23. oktober med rundt 90 deltakarar frå kommunar, sjukehus og private rehabiliteringsinstitusjonar. Arrangementet er ein årleg møteplass for folk som jobbar med habilitering og rehabilitering og tema for året var: Korleis skape gode overgangar for pasientar i sårbare fasar?

Publisert 24.10.2024
En gruppe kvinner som smiler
Møteleiarane saman med Juliane Mekki frå Helse- og omsorgsdepartementet (til høgre)

Samhandlingssjef  i Helse Bergen Grete Lill Hjartnes leda  arrangementet saman med dagleg leiar ved Ravneberghaugen Ranveig Klingsheim.

Blant innlegga deltakarane fekk høyre var Juliane Mekki frå Helse- og omsorgsdepartementet som la rammene for dagen med ein presentasjon av nasjonal helse og samhandlingsplan. Seniorrådgjevar Geir Sverre Braut frå Helse Stavanger HF følgde opp med å utforske kva som ligg i forsvarleg helsehjelp i grenseflatene mellom ulike aktørar. Ungdomsrådet i Helse Bergen fortalde om deira prosjekt Speed Date, der dei har avdekka fleire viktige forbetringspunkter om overgangar for ungdomspasienten i sjukehuset, og mellom sjukehus og nærmiljø. Fysioterapeut og ergoterapeut frå Ravneberghaugen sørga for at forsamlingen fekk litt fysisk aktivitet og presenterte og sitt digitale verktøy som dei brukar i dialog med pasientane. 

Koordinering og koordinatorfunksjonen står heilt sentralt i alle overgangar, og denne tematikken presenterte Cathrine Nøttingnes frå regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering, gjennom sitt prosjekt Koordinator i spesialisthelsetenesta.