Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Logo blå saman.no

Gav innspill på Stortinget

På vegne av helsefellesskapet dro Johnny Breivik, Randi-Luise Møgster og Sara Hamre Sekkingstad til Oslo for å møte politikarane frå Hordaland.

Publisert 25.04.2024
Sist oppdatert 22.08.2024
Bildetekst: Frå venstre Sara Hamre Sekkingstad (ordførar i Alver kommune), Randi-Luise Møgster (nestleiar i SSU) og Johnny Breivik (leiar i SSU).
Frå venstre: Sara Hamre Sekkingstad (ordførar i Alver kommune), Randi-Luise Møgster (nestleiar i SSU og viseadministrerande direktør i Helse Bergen HF) og Johnny Breivik (leiar i SSU og kommunedirektør i Øygarden kommune).

Der ga dei konkrete innspill til ny Nasjonal helse- og samhandlingsplan, basert på eit strateginotat som helsefellesskapet utarbeida etter at planen vart lansert.

– Eg opplevde møtet som konstruktivt og godt. Vi møtte særs interesserte politikarar som var opptatt av temaet og nysgjerrige på våre innspel og erfaringar, seier Johnny Breivik, leiar i Strategisk samarbeidsutval (SSU) i Helsefellesskapet i bergensområdet.

Dåverande helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol la 1. mars fram ny Nasjonal helse- og samhandlingsplan 2024–2027.

I møte med politikarane la dei vekt på tre punkt i den nye planen:

  • Nytt rekruttering- og samhandlingstilskot​
  • Digitalisering​
  • Tiltak for å rekruttere og behalde helsepersonell

Desse punkta byggjer alle på overordna strategi for helsefellesskapet, som partnarskapsmøtet stilte seg bak i februar 2024.

Nasjonal helse- og samhandlingsplan 2024–2027 er no til behandling i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, og skal etter planen til behandling i Stortinget 4. juni.