Logo blå saman.no

Partnarskapsmøtet 2024

Helsefellesskapet i Bergensområdet står samla om felles overordna strategi for framtida. Partnarskapsmøtet som vart arrangert  15. februar 2024, er det øvste nivået i helsefellesskapet.  

Publisert 21.04.2023
Sist oppdatert 25.04.2024
En gruppe mennesker på scenen

Partnarskapsmøtet skal mellom anna peike ut overordna retning for samarbeidet og tenesteutviklinga i helsefellesskapet. I partnarskapsmøtet vert samarbeidet forankra politisk og på styrenivå. Representantane skal drøfte mål og rammer for helsefellesskapet, og gje føringar for prioritering av samhandlingsområde. 

Det strategiske samarbeidsutvalet (SSU) er programkomité for partnarskapsmøtet, og i år var Helse Bergen arrangør. Kulturhuset i Bergen var arena for møtet. Møteleiarane var leiar og nestleiar i SSU: kommunedirektør Johnny Breivik (Øygarden kommune) og viseadministrerande direktør Randi-Luise Møgster (Helse Bergen HF). Dei losa forsamlingen gjennom eit program som mellom anna inneheldt refleksjonar frå representantar i helsefellesskapet om kva ein har fått til i samhandlingsmodellen. Her delte leiarar og nestleirar frå områdeutvala, saman med brukar og fastlege, deira erfaringar så langt i ny samhandlingsmodell.  

Ny nasjonal helse- og samhandlingsmodell blir viktig for helsefellesskapa, men er enno ikkje publisert. Frå Helse- og omsorgsdepartementet blei hovudlinene likevel presentert og presentasjonen avstedkom mellom anna ein god diskusjon blant partnarane om finansiering av helsefellesskapet.  

Helsedirektoratet presenterte styringsdata for helsefellesskapa og inviterte partnarane til å seie kva dei ynskjer av styringsinformasjon og analyser for å kunne utføre oppdraget i helsefellesskapet på best mogleg måte.  

I Partnarskapsmøtet 2023 fekk SSU i oppdrag å utarbeide ein overordna strategi for Helsefellesskapet i bergensområdet. Frå sommaren 2023 har det blitt jobba godt med å utarbeide eit utkast til felles overordna strategi, med målsetting om å sikre tilslutnad til strategien i årets møte. Med nokre få språklege justeringar stilte eit samla Partnarskapsmøte seg bak strategien. Neste steg blir no politisk behandling av strategien i dei 18 kommunane og i styra i spesialisthelsetjenesta. 

Kulturhuset bidro til kulturelle rammer for møtet, og musikkterapeut med artistar sørga for at det og blei kulturelle innslag i partnarskapsmøtet. Møtet blei opna og avslutta med musikalske innslag.