Handlingsplan 2026 - 2027
Handlingsplanen er eit dynamisk og operativt verktøy som skal vera førande for helsefellesskapet sine aktiviteter i inneverande periode.
Handlingsplanen vert utarbeidd med bakgrunn i overordna føringar, som ei oppfølging av strategi, avtaleverket og etter innspel frå partane. Planen er todelt, der oppfølging av strategien utgjer første del og avtaleverket utgjer andre del.
Siste oppdatering: 30. april 2026
Oppfølging av strategien
Sterkare samhandling – ein felles kultur
- Tiltak: Etablere FSU for pasientar med fleire kroniske lidingar
- Status per april 2026: Vedteken oppstart av Fagleg samarbeidsutval for pasientar med fleire kroniske lidingar. Mål om oppstart hausten 2026.
- Tiltak: Etablere FSU for kvinner i svangerskap, fødsel og barseltid
- Status per april 2026:Vedteken oppstart av Fagleg samarbeidsutval for kvinner i svangerskap, fødsel og barseltid. Mål om oppstart hausten 2026.
- Tiltak: Følgje opp innspelskonferanse om frivilligheit
- Status per april 2026: SSE er i gang med forarbeid.
Prioriteringar – kloke val saman
- Tiltak: Utvikle felles kriterium for prioriteringar
- Status per april 2026: Ikkje starta. Følgjast opp etter partnarskapsmøtet 2026.
- Tiltak: Planleggje for å handtere kriser og krig
- Status per april 2026: Ny særavtale til tenesteavtale 11 om høyna beredskap ved kriser og krig er sendt til partane for handsaming og signering.
Rekruttering og bemanning – smart bruk av kompetansen vår
- Tiltak: Etablera regelmessig møtepunkt med utdanningssektoren
- Status per april 2026: Årlig møte med utdanningssektoren gjennomført SSU-møtet 11. mars 2026. Samarbeidet fortset med relevante partar frå UH-sektor. Intensjon om nytt møte i SSU våren 2027.
- Tiltak: Sjå etter moglege løysning(ar) for delte stillingar og/eller hospitering
- Status per april 2026: Ikkje starta
Teknologi og digitalisering – løysingar som samsnakkar og avlastar
- Tiltak: Innføring av PLL (pasientens legemiddelliste) i helsefellesskapet
- Status per april 2026: Prosjektet fekk støtte frå Helseteknologiordnina 2026. Innføringa fortset i vårt område, spesielt innanfor sektor pleie og omsorg. I vårt helsefellesskapet er PLL bredda til nesten alle fastlegane. Prosjektet skal no også utvidast til helsefellesskapa i området til Helse Vest.
- Tiltak: Samhandlingsprosjekt Digital hjemmeoppfølging
- Status per april 2026: Prosjektet fekk rekrutterings- og samhandlingstilskot frå helsefellesskapet i fjor, og har søkt vidare støtte i 2026. Tentativ ferdigstilling hausten 2026.
Revisjon av avtaleverket
Utarbeide avtale 13 om barn og unge
Status per april 2026: Avtaleutkast ble sendt til partane for innspel med frist 13. mars. Tentativ handsaming av avtalen i SSU i juni.
Revisjon av særavtale om LIS1-rekruttering
Avtalen er ein særavtale til tenesteavtale 7.
Status: Revidert særavtale blei vedteken i SSU 11. mars 2026. Den blir sendt til partane for handsaming og signering våren 2026.
Revisjon av tenesteavtalane 3 og 5 (inn- og utskriving av pasientar)
Målsetting om éin samla avtale for både somatikk og psykisk helse og rus (per i dag er det eigen avtale for kvart tenesteområde).
Status: Arbeidsgruppe frå partane er satt ned og arbeidet pågår. Planlagt ferdigstilling hausten 2026.
Revisjon av særavtale om behov for følgje
Særavtalen til tenesteavtale 2.
Status pr april 2026: Arbeidsgruppe frå partane er satt ned og arbeidet pågår. Dette arbeidet vert og sett i relasjon til arbeid med revisjon av tenesteavtalane 3 og 5. Tentativ ferdigstilling hausten 2026.
Etablering av ny særavtale om legemiddelberedskap
Etablering av ny avtale. Avtalen skal vere ein særavtale til tenesteavtale 11.
Status per april 2026: Mandat, prosess og samansetting av arbeidsgruppe blei vedteken i SSU 11. mars 2026 (sak 07/26). Mål om oppstartsmøte før sommaren 2026.
Revisjon av tenesteavtale 9
Revisjon av tenesteavtale 9, som gjeld samarbeid om IKT-løysingar.
Status per april 2026: Mandat, prosess og samansetting av arbeidsgruppe blei vedteken i SSU 11. mars 2026 (sak 03/26). Mål om oppstartsmøte før sommaren 2026.
Evaluering og ev. justering av særavtale om helsefagarbeidarar
Avtalen er ein særavtale til tenesteavtale 7, og gjeld samarbeid om opplæring av helsefagarbeider-lærlinger.
Status per april 2026: Evaluering og mogleg justering blei vedteken av SSU i desember 2025 (sak 38/25). Arbeidet pågår.
Etablering av ny særavtale om høyna beredskap ved kriser og krig
Avtalen er ein særavtale til tenesteavtale 11 og skal omhandle samarbeid ved høyna beredskap ved sikkerheitspolitiske krisar og krig.
Status per april 2026: Særavtalen blei vedteken i SSU 11. mars 2026. Den er sendt til partane for handsaming og signering våren 2026.