Om oss
Helsefellesskapet i bergensområdet er ein samarbeidsarena der spesialisthelsetenesta og kommunane i Helse Bergen sitt føretaksområde, saman med fastlegar og brukarrepresentantar, planlegg og utviklar helsetenestene i fellesskap.
Bakgrunn
Etablering av 19 helsefellesskap i Norge var eitt av tiltaka i Nasjonal helse- og sjukehusplan 2020–2023, og Helsefellesskapet i bergensområdet vart etablert hausten 2022.
Målet med helsefellesskapa er å bidra til ei meir samanhengande, koordinert og berekraftig helse- og omsorgsteneste, med innbyggjarane sine behov som utgangspunkt.
Helsefellesskapet er eit partnarskap mellom kommunar og sjukehus, og byggjer på følgjande prinsipp:
- tydelegare samarbeidsstruktur
- betre felles planlegging
- auka samordning
- betre beslutningsprosessar
- tydelege prioriteringar
- felles virkelighetsforståing
- lokale tilpassingar
- felles sekretariatsfunksjon
I helsefellesskapet skal kommunar og helseføretak sjå kvarandre som likeverdige partnarar, med felles eierskap og ansvar for pasientane.
Partane i helsefellesskapet
Kommunar:
Kommunane utgjer primærhelsetenesta. Alle dei 18 kommunane i Helse Bergen sitt føretaksområde er med i Helsefellesskapet i bergensområdet.
- Alver kommune
- Askøy kommune
- Austrheim kommune
- Austevoll kommune
- Bergen kommune
- Bjørnafjorden kommune
- Eidfjord kommune
- Fedje kommune
- Gulen kommune
- Kvam herad
- Masfjorden kommune
- Modalen kommune
- Osterøy kommune
- Samnanger kommune
- Ulvik kommune
- Vaksdal kommune
- Voss herad
- Øygarden kommune
Spesialisthelsetenesta:
Følgjande sjukehus og private ideelle utgjer spesialisthelsetenesta i Helsefellesskapet i bergensområdet.
- Haukeland universitetssjukehus, Helse Bergen
- Haraldsplass diakonale sykehus
- Betanien sykehus
- Voss DPS NKS Bjørkeli
- NKS Olaviken alderspsykiatriske sykehus
- Solli DPS
Organisering
Helsefellesskapet er ikkje ei juridisk eining, men ein arena for samhandling på fleire nivå.
Helsefellesskapet i bergensområdet har ein firedelt struktur:
Prioriterte pasientgrupper
Helsefellesskapet i bergensområdet byggjer på avtalar mellom regjeringa og KS frå 2019 og 2024.
I samsvar med avtalane, skal helsefellesskapet prioritere tenester til følgjande pasientgrupper:
- barn og unge
- eldre med skrøpelegdom
- personar med alvorlege psykiske lidingar og rusavhengige
- personar med fleire kroniske lidingar
I tillegg er helsefellesskapa oppmoda til å vurdere korleis dei saman kan skape eit godt tilbod til kvinner gjennom svangerskap, fødsel og barseltid.
Helsefellesskapet i bergensområdet har valt å etablere faglege samarbeidsutval til kvar av dei fem prioriterte pasientgruppene.
Lenker: