Logo blå saman.no
Foto: To personer prater sammen på legekontor med kalender på veggen.

Områdeutval (OU)

Områdeutvala skal handsame og følgje opp saker som gjeld det enkelte utvalsområdet. Det er oppretta fire områdeutval etter etablerte kommuneregionar: Nordhordland, Bergen kommune, Voss lokalsjukehusområde og Bergensregionen.

  • Bidra til god dialog mellom kommunar, spesialisthelsetenesta, brukarar og fastlegar om lokale samhandlingssaker
  • Gje innspel til og forankre felles samhandlingsstrategiar -og tiltak
  • Planlegge, setje i gang, og følgje opp lokalt forbetringsarbeid og lokale samhandlingsprosjekt
  • Melde aktuelle saker til SSU
  • Følgje opp saker frå og setje i gang aktuelle oppdrag frå SSU
  • Opprette og avvikle lokale underutval og nettverk
  • Ha oversikt over samhandlingsavvik og nytte oversikta i lokalt forbetringsarbeid Partane er samde om at reglane om teieplikt skal ivaretakast m.m.

Ein representant frå kvar kommune (kommunalsjefsnivå/ seksjonsleiar- eller etatsdirektørnivå i Bergen kommune)

  • Bergen kommune kan vere representert med inntil 6 representantar i eige områdeutval
  • Det skal vere forholdsmessig representasjon frå spesialisthelsetenesta i tråd med sektoransvaret for kvart utvalsområde
  • 1 fastlege
  • 1 kommuneoverlege
  • 2 brukarrepresentantar (1 frå kommunane og 1 frå spesialisthelsetenesta)
  • 1 representant frå hovudsamanslutningane

Observatørar med tale- og forslagrett:

  • Aktuelle representantar frå samarbeidssekretariatet 
  • På sak:
    • Leiarar av lokale underutval og nettverk

  • Representantane i områdeutvala er vald inn for 4 år om gongen 
  • Områdeutvala konstituerer seg sjølve
  • Områdeutvala skal ha kommunal leiar og nestleiar frå spesialisthelsetenesta 
  • Sekretariat: 2 representantar frå samarbeidssekretariatet (kommunal områderepresentant og representant frå spesialisthelsetenesta etter sektoransvar)
  • Samarbeidssekretariatet har ansvar for å følgje opp saker som skal til SSU/kjem frå SSU

 

Dei fire områdeutvala

  • Eksteriør Bryggen i Bergen og blå himmel med skyar. Foto
    Områdeutvalet for Bergen

    For Bergen kommune, Haraldsplass Diakonale Sykehus, Helse Bergen, Betanien sykehus

  • Stangfjellet
    Områdeutvalet for Bergensregionen

    For kommunane Askøy, Austevoll, Bjørnafjorden, Samnanger, Øygarden, samt Haraldsplass Diakonale Sykehus, Solli DPS, og Helse Bergen.

  • Foto av utsikt
    Områdeutvalet for Nordhordland

    For kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Gulen, Modalen, Osterøy, samt Haraldsplass Diakonale Sykehus og Helse Bergen.

  • Oversiktbilde av sjukehusbygga til Voss sjukehus omgitt av grøne åsar og snøkledde fjell i bakgrunnen.
    Områdeutvalet for Voss

    For kommunane Eidfjord, Kvam, Ulvik, Vaksdal og Voss samt Helse Bergen

Sist oppdatert 10.01.2023