Hopp til innhald
Logo blå saman.no

Saman.no har fått ny drakt

Tysdag 18. april blei nettstaden Saman.no lansert på ny publiseringsplattform. Med moderne design, nye fargar og betre funksjonalitet skal brukarane få ein meir brukarvennleg oppleving.

Publisert 18.04.2023

For besøkande på nettstaden vil den største forskjellen vere nye farger og eit meir tidsriktig design, mens for dei som jobbar med nettsidene blir det eit mykje enklare og meir brukarvennleg verktøy.

Ein del av eit nasjonalt fellesskap 

Nettstaden Saman.no er ein felles nettstad for samhandling mellom kommunar og sjukehus i Helse Bergen sitt føretaksområde. Samarbeidspartnarane består av 18 kommunar, Haukeland universitetssjukehus, Haraldsplass Diakonale Sykehus og private ideelle med avtale. 

Tidlegare hadde Saman.no nettsidene sine på eiga løysing, men i 2019 flytta nettstaden over på same tekniske plattform som nettstadene til alle helseføretaka i spesialisthelsetenesta, også kalla Felles nettløysing for spesialisthelsetenesta (FNSP).  

Frå SharePoint til Optimizely 

Fram til no har dei meir enn 50 nettstadene nytta publiseringsverktøyet SharePoint 2019 frå Microsoft, og Norsk helsenett (NHN) har stått for teknisk drift av løysinga. I løpet av 2023 skal Microsoft avvikle SharePoint som publiseringsløysing for eksterne nettsider. Norsk helsenett, saman med FNSP og fleire andre, har derfor gått til anskaffing av ny publiseringsløysing. Den nye løysinga heiter Optimizely, og førebuingar og tilpassing av den nye nasjonale plattforma starta hausten 2022.  

En mann og en kvinne som ser på en bærbar datamaskin
Slik såg den forsida til Saman.no ut i Sharepoint-løysinga.
Skjermbilde forsida til nettstedet saman.no i ny løysing med rundt forsidebilde og menyvalg.
No har nettstaden fått innhaldet på plass i den nye løysinga Optimizely - med nye fargar og meir brukarvennleg design.

Lanserer i fire puljer  

Norsk helsenett som leiar det nasjonale mottaksprosjektet har planlagt flytting og lansering på ny publiseringsløysing i fire puljar. Saman.no er med i første pulje med felleseigde nettstader som blir lanserte i den nye løysinga tysdag 18. april 2023. Andre føretak og verksemder i denne pulja er Pasientreiser, Luftambulansetjenesten, Sykehusinnkjøp, Sykehusbygg, Helseplattformen og NorTrials 

Neste pulje er nettstadene til dei regionale helseføretaka, IKT-verksemdene og sjukehusapoteka med lansering i mai. Deretter følger nettstadene til sjukehusa og dei private ideelle i tredje pulje like over sommeren, og så kjem universitetssjukehusa i siste pulje til hausten.

Lanseringsdato for dei ulike nettstadene

18. april - pulje 1:

Felleseide nettstader: Saman, Pasientreiser, Luftambulansen, Sykehusinnkjøp, Sykehusbygg, Helsetjenestens driftsorganisasjon for nødnett,  Helseplattformen og NorTrials

31. mai - pulje 2:

Nettstadene til dei fire regionale helseføretaka, dei regionale IKT-organisasjonane og sjukehusapoteka

5. september - pulje 3:

Nettstadene til sjukehus og private ideelle

26. september - pulje 4:

Nettstadene til universitetssjukehusa (Haukeland universitetssjukehus, Stavanger universitetssykehus, Oslo universitetssykehus, Akershus universitetssykehus, St. Olavs hospital og Universitetssykehuset i Nord-Norge) og Nye Metoder.

Kva blir nytt? 

I første omgang er det ikkje gjort store endringar på dei nye nettsidene med tanke på innhald. Dagens innhald er flytta over, men har fått ny innpakning med moderne design og nye fargar.  

Den nye publiseringsløysinga har ei rekkje nyttige funksjonar for å presentere innhald på nettstaden. I tilleg til å vere eit betre og meir brukarvennleg verktøy for dei som skal produsere og forvalte innhald på Saman.no, gir det store fordelar å vere på same tekniske plattform som alle nettstadene til sjukehusa og føretaka i spesialisthelsetenesta. 

Meir brukarvennleg 

– Dette er eit stort løft for Saman.no. Med den nye løysinga får vi eit godt verktøy med nye og betre moglegheiter for å presentere innhald på nettsidene enn det som har vore til no, seier Lena Kleveland Dahl, nettansvarleg ved Haukeland universitetssjukehus og fungerande nettredaktør for Saman.no.  

Saman med fleire kolleger ved Haukeland og Haraldsplass har ho gått gjennom alt innhald på nettstaden og gjort nødvendige førebuingar slik at flytting av innhaldet (migreringa) til ny løysing skulle gå så bra som mogleg. Dei er veldig nøgde med resultatet: 

– I første omgang er vi superglade for at migreringa har gått så bra, og alt innhald frå gamal løysing har komen over på ein god måte. Og så gler vi oss over at nettsidene ser skikkelig fine ut med nye fargar og nytt design, seier Kleveland Dahl. 

– Så får nye kostar sleppe til og sjå på gode løysingar for vidareutvikling av nettstaden i fortsettinga.  

Har du spørsmål om nettstaden Saman.no 

Send ei melding til: 

Fann du det du leita etter?