FSU eldre med skrøpelighet
Mandat for fagleg samarbeidsutval for eldre med skrøpelighet. Skrøpelighet (engelsk: frailty) eller redusert motstandskraft, er eit kjenneteikn på ein geriatrisk pasient. Utvalet hadde oppstart hausten 2024.
Bakgrunn og formål
Ifølgje Overordna samarbeidsavtale og tenesteavtale 1 skal dei faglege samarbeidsutvala utvikle og konkrete prosedyrar og tenestemodellar. Målet er å sikre heilskaplege og koordinerte helse- og omsorgstenester til pasientar og brukarar som har behov for tenester frå både kommune- og spesialisthelsetenesta.
Dei faglege samarbeidsutvala skal identifisere utfordringar og drøfte problemstillingar, og finne løysingar som er til det beste for pasientar, brukarar og samfunnet som heilheit.
Oppgåver og ansvar
- Følgje med på nasjonale føringar knytt til oppfølging og behandling av pasientar med skrøpelegheit.
 - Bidra til å identifisere og foreslå relevante styringsdata for pasientgruppa. Skal være et rådgivande organ for Strategisk samarbeidsutval, basert på nasjonale føringar, tilgjengelege data og aktuelle prosjekt.
 - Foreslå tiltak som bedrar pasientforløp, og samarbeid og dialog mellom sjukehusa, kommunane og fastlegane. Bidra til læring av uønskte hendingar og avvik mellom sjukehusa og kommunane.
 - Følgje opp saker på bestilling frå Strategisk samarbeidsutval.
 - Være en pådrivar i forbindelse med implementering av tiltak som blir foreslått i FSU.
 - FSU-et kan setje ned undergrupper/prosjektgrupper som er geografisk og/eller tematisk avgrensa til å sjå på konkrete problemstillingar.
 - Den enkelte representanten orienterer og tar imot innspel frå egen organisasjon og de man representerer. Dette for å:
 - Sikre forankring.
 - Identifisere utfordringar og felles problemstillingar.
 
Representasjon og samansetjing
- Ein kommunal representant frå kvart områdeutval, Bergen kommune kan ha to representantar, to representant frå Helse Bergen og ein representant frå Haraldsplass diakonale sjukehus, ein fastlegerepresentant og ein brukarrepresentant.
 - Om det er behov kan gruppa knytte til seg anna kompetanse.
 - FSU bør være organisatorisk og tverrfagleg samansett.
 - Representantar blir valt for 2 år av gangen.
 - Om det er behov kan gruppa knyte til seg annan kompetanse.
 
Drift
Møtefrekvens og møteleiing
- Minimum fire møter pr år.
 - Primært fysiske møter.
 - Gruppa konstituerer seg sjølv med leiar og nestleiar.
 - Ein representant frå Samarbeidssekretariatet fasiliterer møta.
 
Rapportering
- Referat frå FSU Eldre med skrøpelegheit sendes til Strategisk samarbeidsutval etter kvart møte.
 - FSU Eldre med skrøpelegheit leverer årsrapport til Strategisk samarbeidsutval.
 - Ressursar og økonomi
 - Kvar part dekker utgift inntil representasjon.
 - Brukarrepresentant får dekket utgifta frå den organisasjonen han/ho representerer.
 - Fastlegerepresentant får dekket utgifta frå kommunen/regionen han/ho er tilsett i eller områdeutvalet som fastlegen er rekruttert ifrå.
 
Utskriftsvennleg versjon - Mandat FSU eldre med skrøpelighet (PDF)