7.1. Drøfte og avklare behov for bistand av kommunalt personell.
Ved planlagde utredningar/innleggingar:
- Spesialisthelsetenesta tar kontakt med pasienten/den som representerer pasienten og kommunen i forkant av opphaldet og avklarar om det er behov for bistand frå kommunalt personell.
Dersom pasienten har IP skal kommunen sikre at seksjonsleiar/avdelingsleiar i spesialisthelsetenesta mottar denne før pasienten vert innlagt. - Det er og mogeleg at pasienten sjølv eller den som representerer pasienten i kommunen tar kontakt med aktuell eining i spesialisthelsetenesta i forkant av eit planlagd opphald for å drøfte/avklare behov for bistand frå kommunalt personell/følgje under opphaldet.
Ved akuttinnleggingar:
Avklaring om eventuelt behov må gjerast så snart som mogeleg etter innkomst til sjukehuset. Spesialisthelsetenesta tar kontakt med pasienten/den som representerer pasienten og avklarar behov for bistand frå kommunalt personell.
7.2. Endeleg avgjersle ligg til spesialisthelsetenesta
Er det vurdert som naudsynt med bistand frå kommunalt personell, skal det formulerast ei bestilling til aktuell eining i kommunen. Kommunen skal sørgje for at oppdaterte kontaktadresser finns på saman.no
Bestillinga frå spesialisthelsetenesta skal innehalde:
- ei skildring av kva oppgåver og kompetanse ein treng frå kommunalt personell
- omfanget av behovet
- kva lønns- og reiseutgifter kommunen kan krevje refusjon for.
7.3. Instruksjonsmynde
Spesialisthelsetenesta skal orientere personell frå kommunen om at avdelingssjukepleier har instruksjonsmynde når følgjepersonell utfører oppgåver i spesialisthelsetenesta. Kommunane har likevel arbeidsgjevaransvaret, og har ansvar for arbeidsplan. Spesialisthelsetenesta kan ikkje pålegge overtid eller endre vakter.
7.4. Praktisk tilrettelegging
Spesialisthelsetenesta har ansvar for å informere personell frå kommunen om rutinar vedkommande arbeidstøy, garderobe, parkering, arbeidstid, pauseavvikling, rutinar for rapport og overlapping og skal praktisk legge til rette for deira arbeid i avdelinga.
7.5. Grunnlag for refusjon.
Skjema «Stadfesting av bistand frå kommunalt følgjepersonell» skal fyllast ut av personell frå kommunen. Skjema skal være ferdig utfylt når brukar vert skriven ut. Spesialisthelsetenesta attesterer skjemaet når oppdraget er ferdig og kommunen nyttar skjema som grunnlag for refusjon. Spesialisthelsetenesta refunderer lønnsutgifter etter spesifisert rekning samt kopi av skjema.
Vert det ført opp timar utover dei som allereie er avtalt, vert desse strøkne og kravet vert korrigert. Skriftleg melding om korrigering med forklaring skal sendast til kommunen.
Kommunen sender refusjonskrav til spesialisthelsetenesta seinast innan ein månad etter at pasienten er skriven ut. Der det er avtalt at parkeringsutgifter skal dekkast, kan utgiftene forskotterast av kommunen. Refusjonskrav med kvitteringar skal deretter sendast spesialisthelsetenesta innan ein månad etter at pasienten er skriven ut.