Handlingsplan
Handlingsplanen er eit dynamisk og operativt verktøy som skal vera førande for helsefellesskapet sine aktiviteter i inneverande periode.
Handlingsplanen vert utarbeidd med bakgrunn i overordna føringar, som ei oppfølging av strategi, avtaleverket og etter innspel frå partane.
Siste oppdatering: 16. oktober 2025
Oppfølging av strategien |
||
Strategiområde | Tiltak | Status |
Sterkare samhandling – ein felles kultur |
Etablere FSU for rehabilitering (Status: pågåande prosess med oppnemning av representantar) |
pågåande prosess med oppnemning av representantar |
Etablere FSU for pasientar med samansette lidingar | planlagt oppstart i 2025 | |
Følgje opp innspelskonferanse frå desember 2023 med frivillige | ikkje starta | |
Prioriteringar – kloke val saman |
Utvikle felles kriterium for prioriteringar | ikkje starta |
Statusoppdatering frå HABU-prosjektet | under arbeid | |
Korleis skal helsefellesskapet planleggje for å handtere krig |
under arbeid | |
Rekruttering og bemanning – smart bruk av kompetansen vår |
Etablera regelmessig møtepunkt med utdanningssektoren |
under arbeid |
Sjå etter moglege løysning(ar) for delte stillingar og/eller hospitering | ikkje starta | |
Økonomi – tiltak som gagnar samfunnet |
Etablera eit samhandlingsbudsjett
|
under arbeid |
Teknologi og digitalisering – løysingar som samsnakkar og avlastar |
Innføring av PLL (pasientens legemiddelliste) i helsefellesskapet | under arbeid |
Samhandlingsprosjekt Digital hjemmeoppfølging | under arbeid | |
Revisjon av avtaleverket |
||
Utarbeide avtale 13 om barn og unge | under arbeid | |
Revisjon av særavtale 7 – LIS1 | under arbeid | |
Revisjon av avtale 3 og 5 for somatikk og psykisk helse og rus. Målsetting om éin samla avtale | under arbeid, starta opp vår 2025 | |
Særavtale til tenesteavtale 2. Behov for følgje | under arbeid, starta opp sept. 2025 | |
Etablering av ny særavtale 11 om legemiddelberedskap | planlagt oppstart vår 2026 | |
Gjennomgang av tenesteavtalar (og ev. særavtalar) for å sjå om dei føl den nasjonale retninga og måla som er sett for helsefellesskapet | årleg tiltak |
Tidlegare handlingsplanar:
Sist oppdatert 21.10.2025