Logo blå saman.no

Handlingsplan

Handlingsplanen skal vera eit dynamisk og operativt verktøy som skal vera førande for Samarbeidsutvala sin aktivitet, og legg føringar for felles aktivitet og tiltak som partane er samde om å prioritere i inneverande år.

Handlingsplanen vert utarbeidd med bakgrunn i overordna føringar, som ei oppfølging av avtaleverket og etter innspel frå partane. Handlingsplanen med prioriterte tiltak skal godkjennast i dei fire Overordna Samarbeidsutvala.

Samarbeidssekretariatet (SSE) bidrar til at tiltaka i Handlingsplanen vert fylgt opp og at aktuelle partar blir involvert.

Handlingsplan for 2022

Prioriterte tiltak for Overordna samarbeidsutval i lokalsjukehusområdet:

 

1. Oppfølging av samarbeidsavtalar

  • ​Planlegge og gjennomføre ei evaluering av korleis Avtale om samarbeid ved pandemisk influensa​ og koordineringsgruppa har fungert i den pandemiske situasjonen. 
    • Har avtalen bidratt til å gje innbyggjarane nødvendig helsehjelp under pandemien?
    • Har avtalen sikra ansvarsforhold og rutinar for samarbeid mellom kommunar og sjukehus?

Tidsramme: 2022​

  • ​Samarbeid om førebygging
  • Revisjon og signering
  • Utarbeide forslag til implementering

Tidsramme: Våren 2022

  • Utarbeide og inngå særavtalar

Tidsramme: 2022

  • Somatikk
  • Psykiatri

Tidsramme: 2022

  • «konkret beskriving av korleis partane saman skal utvikle og planlegge tenestene» (punkt 12 i helse- og omsorgstenestelova § 6-2 første ledd)
  • «samarbeid om ytelse av helse- og omsorgstenester til barn og unge med samansette vanskar og lidingar, og som derfor mottar tenester frå begge forvaltingsnivåa» (punkt 13 i helse- og omsorgstenestelova § 6-2 første ledd)

Tidsramme: Hausten 2022

  • Arbeidsgruppa for etablering av helsefellesskapet vil legge fram si tilråding om prosess for denne revisjonen. 

Tidsramme: 2022

Tidsramme: Hausten 2022

 

2. Oppfølging av andre samhandlingsinitiativ

  • ​vedta ny samarbeidsstruktur
  • operasjonalisere vedtak
  • vurdere behov for revisjon og tilpassing av handlingsplanen
  • sikre prioritering av dei fire prioriterte gruppene (barn og unge, skrøpelege eldre, personar med samansette lidingar og personar med alvorlege psykiske lidingar og rusproblem)

Tidsramme: 2022

  • Fullføre arbeidet som er sett i gang. MFU har følgjande mandat til arbeidet:
    • Kartlegge samhandlingsutfordringar i lege-til-lege-samarbeidet / systematisere innmeldte enkeltsaker
    • Lage spesifikke retningsliner, forslag til saksgang og beslutningsstruktur for aktuelle kliniske problemstillingar og samarbeidsområde med kjente samhandlingsutfordringar. I fyrste omgang avgrensa til samarbeidet mellom legar i spesialisthelsetenesta og fastlegar
    • Foreslå eit system for rapportering og oppfølging av avvik

Tidsramme: 2022

  • Utvikle den digitale samhandlinga mellom kommunane og sjukehusa
  • Partane skal vera orienterte om prosjekt / tiltak som føregår med omsyn til digital samhandling

Tidsramme: 2022

  • Utarbeide eit felles e-læringsprogram for å spreie bevisstheit, kunnskap og kompetanse omkring vurderingar av når er ein pasient utskrivingsklar frå spesialisthelsetenesta.
    • Somatikk
    • Rus og psykisk helse

Tidsramme: 2022

 

Tidlegare handlingsplanar:

Sist oppdatert 10.01.2023