Særavtale til Tenesteavtalane 2, 6 og 10. Lærings- og meistringsnettverk
Samarbeid om opplæring av pasientar, brukarar og pårørande i eit lærings- og meistringsnettverk.
Det følgjer av spesialisthelsetenestelova § 3-8 at sjukehusa har eit særleg ansvar for
opplæring av pasientar og pårørande. Helse- og omsorgstenestelova §§ 3-2 og 3-3
regulerer kommunane sitt ansvar til å fremja helse og søkje å førebyggje sjukdom,
skade og sosiale problem. Dette skal mellom anna skje ved opplysningar, råd og
rettleiing.
Læring og meistring rommar alt frå individuell pasient- og pårørandeopplæring til
gruppetilbod og likemannsarbeid. Metodikken spenner frå overføring av kunnskap frå
fagpersonar til pasientar og brukarar, til meistringstilbod der fag- og
erfaringskompetanse er sidestilt. Fagpersonane si rolle er å bidra til å fremje pasient,
brukar og pårørande sin motivasjon og deira ressursar. Det er eit mål at lærings- og
meistringstilbod skal inngå i samanhengande heilskaplege løp for brukarar, pasientar
og deira pårørande. Tilboda kan sjåast som ei læring- og mestringkjede, eit løp der
personen sitt behov er styrande for kva tilbod som er aktuelle. Tilboda kan være
individuelle eller gruppebaserte og finne stad i ulike fasar av løpet.
Denne særavtalen er i tråd med gjeldande lovverk og Helsefellesskapet i
bergensområdet sitt avtaleverk; herunder spesifikt Tenesteavtale 2, Tenesteavtale 6 og Tenesteavtale 10. I tilfelle motstrid mellom denne avtalen og tenesteavtalane skal
tenesteavtalane ha forrang.
Avtalen gjeld mellom kommunane i Helse Bergen HF sitt føretaksområde, Helse Bergen HF, Haraldsplass diakonale sykehus AS (HDS), Betanien sykehus, Voss DPS NKS Bjørkeli, NKS Olaviken alderspsykiatriske sykehus og Solli DPS.
Særavtalen skal sikre vidare drift av Lærings- og meistringsnettverket (LM-nettverket) i Helsefellesskapet i bergensområdet, og styrke samarbeidet mellom kommunane og
spesialisthelsetenesta i arbeidet med opplæring av pasientar, brukarar og pårørande.
Dette skal skje gjennom å:
• Leggje til rette for, og koordinere drifta av eit LM-nettverk
• Styrke fagpersonar sin kompetanse innan lærings- og meistringsarbeid
• Tydeleggjere partane sitt ansvar for lærings- og meistringstiltak
• Styrke brukarmedverknad i lærings- og meistringsverksemd
Nettverket innan læring og meistring (LM-nettverket) er sett saman av fagpersonar og brukarrepresentantar som bidreg med lærings- og meistringstiltak overfor pasientar, brukarar og pårørande. Deltakarane i nettverket kjem både frå kommune- og spesialisthelsetenesta.
Fagpersonar er i denne samanhengen helsepersonell og anna personell med
kompetanse innan lærings- og meistringsarbeid, og som i sitt arbeid har eit definert
ansvar og ein definert funksjon innan lærings- og mesitringsverksemd.
Det er eit mål at LM-nettverket veks inn i sjukehusa og ut i kommunane. Dette kan blant anna skje ved at fagpersonar frå helsepedagogikkursa vert rekruttert inn i nettverket (jf. pkt. 6.1).
5.1 Organisering
LM-nettverket vert koordinert og drifta av ei felles arbeidsgruppe, som skal medverke til
å planlegge, gjennomføre og evaluere tilbod som samla sett bidreg til betra meistring av
helseutfordringer blant pasientar, brukarar og pårørande.
Arbeidsgruppa fungerer som samarbeidsutvala sitt kontaktpunkt i det tversgåande
samarbeidet om lærings- og meistringstenester, og skal rapportere minimum ein gang
årleg og elles ved behov.
Arbeidsgruppa kan ta initiativ til å søke om eksterne midlar for å delfinansiere prosjekt
utgått frå samarbeidet.
Arbeidsgruppa er sett saman av fagpersonar frå kommunane (frå kvart utvalsområde), ein (l) representant frå kvar av dei andre partane i avtalen og ein (l) brukarrepresentant. Nettverket kan supplerast med annan kompetanse dersom dette vert vurdert som nødvendig. Brukarrepresentanten skal honorerast etter gjeldande reglar.
Oppnemning av representantane skjer for to (2) år om gongen. Arbeidsgruppa vel leiar for to (2) år om gongen. Når ein nemner opp nye representantar til arbeidsgruppa, bør partane ta omsyn til både kontinuitet og nyrekruttering.
5.2 Ansvarsdeling
5.2.1 Helseføretaka sitt ansvar er å:
• sørgje for at LM-nettverket er forankra i strategiplaner
• sørgje for at LM-nettverket vert gjort kjent og helde ved like i føretaket, samt
rekruttere nytt helsepersonell inn i nettverket
• arrangere eit årleg fagmøte/fagdag for LM-nettverket
5.2.2 Kommunane sitt ansvar er å:
• forankre LM-arbeidet i kommunen
• sørgje for at LM-nettverket blir kjent i kommunane, samt å bidra med rekruttering
til LM-nettverket
• ha system for oversikt over personar som inngår i LM-nettverket
Fellesansvar
Kommunane og helseføretaka skal samarbeide om gjensidig kompetansebygging og
kompetanseoverføring for sine tilsette i forhold til helsepedagogiske tilbod.
Kommunane og føretaka skal leggje til rette for at tilsette kan bidra og delta på kurs,
nettverkssamlingar og andre relevante kompetansehevande tilbod.
Helseføretaka sitt ansvar er å:
• arrangere kurs i helsepedagogikk årleg
• gjere kjent og leggje til rette for at fagpersonar har mogelegheit til å gjennomføre
kurs
Kommunane sitt ansvar er å:
• gjere kjent og leggje til rette for at fagpersonar får moglegheit til å gjennomføre
kurs i helsepedagogikk
• bidra til vidare utvikling av kompetansekurs
Fellesansvar
Etablering av lærings- og meistringstiltak er ein viktig komponent for å fremje
helsekompetanse. Dette kan førebyggje sjukdom, skade og sosiale problem, og skal
inngå i heilskaplege pasientløp og rehabilitering.
Helseføretaka sitt ansvar er å:
• etablere lærings- og meistringstilbod for pasientar og pårørande som er relativt
korte, intensive og ofte diagnosespesifikke. Tilboda skal i første omgang rette
seg mot pasient- og brukargrupper som har behov for spesialistkompetanse
utover det ein kan forvente at tenesta i kommunehelsetenesta har
• bidra med rettleiing og/eller direkte deltaking i tilbod kommunane arrangerer,
der det er formålstenleg og praktisk mogleg
• sikre brukarmedverknad i ulike lærings- og meistringstiltak
Kommunane sitt ansvar er å:
• etablere lærings- og meistringstilbod med fokus på førebygging og helsefremjing,
samt det å leve med langvarig sjukdom eller helseutfordringar. Dette kan skje i
regi av eigen kommune eller i interkommunalt samarbeid
• sikre brukarmedverknad i ulike lærings- og meistringstiltak
Fellesansvar
Brukarmedverknad er sentralt i det å skape pasienten si helseteneste. Alle lærings- og meistringstiltak skal bere preg av respekt for den erfaringskunnskap som pasientar,
brukarar og pårørande har med seg. Dette er likestilt med fagkunnskap.
Helseføretaka sitt ansvar er å:
• arrangere kursmodul i brukarmedverknad i samarbeid med brukarutvala ved dei
respektive sjukehus og pasientane sine paraplyorganisasjonar
• bidra til å trygge brukarrepresentantane i deira arbeid og avklare rollene dei har i
utvikling, gjennomføring og evaluering innan ulike lærings- og meistringstilbod
• bidra til å rekruttere deltakarar til kursmodul for brukarrepresentantar
Kommunane sitt ansvar er å:
• samarbeide med lovpålagte råd (eldreråd og råd for menneske med nedsett
funksjonsevne) for å sikre brukarmedverknad i tilbod for pasientar, brukarar og
pårørande med langvarige helseutfordringer
• samarbeide med relevante ideelle lag og organisasjonar ved utvikling av ulike
tiltak
• bidra til å rekruttere deltakarar til kursmodul for brukarrepresentantar
Usemje og tvist skal løysast i tråd med overordna samarbeidsavtale. Konsekvensen av eventuelle avtalebrot er regulert i overordna samarbeidsavtale.
Avtalen trer i kraft 01.05.2017, og gjeld fram til ein av partane seier opp avtalen med eit års oppseiingsfrist.
Partane er einige om å gjennomgå avtalen i desember annakvart år og sørgje for at
regelmessig rapportering og fortløpande evalueringar vert gjennomført.
Kvar av partane kan krevje at avtalen reviderast dersom vesentlege føresetnader for
avtalen blir endra. Helse Bergen forpliktar seg til å ha gjeldande avtale liggjande på
internett (saman.no) slik at den er tilgjengeleg for partane og sentrale
helsemyndigheiter.
Avtalen er revidert 03.01.2025