Logo blå saman.no

Ga innspill på Stortinget

På vegne av helsefellesskapet dro Johnny Breivik, Randi-Luise Møgster (nestleiar i SSU) og Sara Hamre Sekkingstad (ordførar i Alver kommune) til Oslo for å møte politikarane frå Hordaland.

Publisert 25.04.2024
Sist oppdatert 24.05.2024
Bildetekst: Frå venstre Sara Hamre Sekkingstad (ordførar i Alver kommune), Randi-Luise Møgster (nestleiar i SSU) og Johnny Breivik (leiar i SSU).
Frå venstre: Sara Hamre Sekkingstad, Randi-Luise Møgster og Johnny Breivik

Der ga dei konkrete innspill til ny Nasjonal helse- og samhandlingsplan, basert på eit strateginotat som helsefellesskapet utarbeida etter at planen vart lansert.

– Eg opplevde møtet som konstruktivt og godt. Vi møtte særs interesserte politikarar som var opptatt av temaet og nysgjerrige på våre innspel og erfaringar, seier Johnny Breivik, leiar i Strategisk samarbeidsutval (SSU) i Helsefellesskapet i bergensområdet.

Dåverande helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol la 1. mars fram ny Nasjonal helse- og samhandlingsplan 2024–2027.

I møte med politikarane la dei vekt på tre punkt i den nye planen:

  • Nytt rekruttering- og samhandlingstilskudd​
  • Digitalisering​
  • Tiltak for å rekruttere og beholde helsepersonell

Desse punktene bygger alle på overordna strategi for helsefellesskapet, som vart vedteken på partnarskapsmøtet i februar 2024.

Nasjonal helse- og samhandlingsplan er no til behandling i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, og skal etter planen til behandling i Stortinget 4. juni.