Invitasjon til open dag i Glasblokkene
Til hausten opnar Glasblokkene – vårt nye sjukehus for barn, unge og kvinner. I slutten av oktober flytter heile Barne- og ungdomsklinikken inn saman med dei kirurgiske poliklinikkane for barn og unge, radiologiske tenester og blodprøvetaking. Palliativ sengepost kjem også inn, og 7. november flyttar Kvinneklinikken inn i Glasblokkene.
Velkommen til open dag 12. September
Vi vil gjerne invitere våre viktige samarbeidspartnarar i kommunane til open dag i nybygget. Vi ønskjer jordmødrer og fastlegar, tilsette og leiarar ved helsestasjonar og legevakter, skule, barnevern og andre tenester velkommen.
· Tid: 12. September klokka 10.00 – 18.00
· Stad: Glasblokkene 5-8, Haukelandsbakken 15.
Oppmøte ved hovudinngangen til Glasblokkene 5-8. Parkering i Sentralblokka, nytt gjerne kollektiv. Det vil bli skilta.
De vil få omvising i bygget, og informasjon om helsetilbodet frå einingane som skal jobbe og ta i mot pasientar her. De bør regne minimum 1,5 timer til besøket i Glasblokkene.
Heile dagen er avsett til inviterte samarbeidspartnarar. Det vert omvisingar kvar heile time.
Påmelding
Glasblokkene har plass til mange, men vi treng likevel å vite om lag kor mange som kjem. Vi ønsker også å vite kven de er for å kunne planlegge besøket best mulig.
· Digital versjon av invitasjonen finn de her: helse-bergen.no/opendag
· Gå direkte til påmeldingsskjemaet
· Påmeldingsfrist: 6. september.
Open dag for befolkninga
I tillegg blir det open dag for befolkninga torsdag 14. September klokka 15.00 - 19.00. Tilsette i kommunane kan sjølvsagt komme også denne dagen. Her er det inga påmelding.
Flyttesider med meir informasjon
Vi har eigne nettsider der vi har samla all praktisk informasjon om Glasblokkene, flyttinga og dei tenestene som skal inn her. Her finn de også kontaktinformasjon.
· Informasjon om dei som flytter inn 23. Oktober: helse-bergen.no/viflyttarbarnogunge
· Informasjon om KK som flytter 7. november: helse-bergen.no/KKflyttar
Velkommen til Glasblokkene!