Er ei døgnopen interkommunal legevaktteneste for kommunane Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy og Radøy.
 
Den interkommunale legevakta er lokalisert i Knarvik. Sjå kart

Kvassnesvegen 48A, 5914 Isdalstø

Telefon - 56 35 10 03.  

Legevakten er open for telefonhenvendingar heile døgnet. Alle telefonsamtaler til Nordhordland legevakt blir lagra på lydlogg. Du møter autorisert sjukepleiar i telefonen.
 
Når liv og helse står på spel - ring medisinsk naudnummer 113

Lindås kommune er vertskommune for drifta av Nordhordland legevakt.

Nordhordland legevakt si oppgåve er å gje deg hjelp med helseproblem som ikkje kan vente til vanleg kontortid. Her er nokre eksempel: Infobrosjyre_NLV 2013_Side_1_2

 

  • smerter i brystet eller magen
  • pustevanskar
  • akutt sjukdom/skade eller alvorlig forverring
  • nedsett allmenntilstand hos barn
  • alvorlig psykisk sjukdom
  • mistanke om komplikasjonar i svangerskap
  • kuttskader som må syast

 

Legevakta er ikkje meint for deg som har ei vanlig forkjøling eller sjukdom over fleire dagar utan akutt forverring.

Om du må vente, er det fordi andre treng hjelp raskare
På Nordhordland legevakt hjelper vi alltid dei sjukaste først. Pågangen varierer, og legen kan også bli kalla ut til akutte hendingar. Derfor kan vi ikkje gje deg ein "fast" time. Om du må vente, er det fordi vi prioriterer andre som kanskje er i livsfare.

Betaling på Nordhordland legevakt:
Nordhordland legevakt krev betaling etter faste takstar. Om du betaler kontant eller med kort, unngår du faktureringsgebyr.
• Prisliste heng på venterommet.
• Ta med eventuelt frikort.
• I nokre tilfelle kan du få refundert transportutgifter. Det kjem ann på kor alvorleg tilstanden din er.
• Telefonrådgiving er gratis.

<<Tilbake