55 deltakarar frå helse- og omsorgstenesta i kommunane, Haraldsplass og Helse Bergen var med på seminaret med mange viktige tema innan rehabilitering.
Gruppearbeid under seminaret
Fagseminaret sette søkelys på tenester for menneske som har trong for rehabilitering på grunn av sjukdom eller skade. Bakgrunnen for seminaret var mellom anna auka fokus på kommunane sitt ansvar for rehabiliteringstenesta.
Gjennom Nordhordlandsprosjektet vart det avdekka at fleire av kommunane i Nordhordland ikkje har etablert eit tilbod med øyremerka sengeplassar, eller spesielle funksjonar for å ivareta rehabilitering av eigne innbyggarar. Dette gir kommunane ei felles utfordring.
Regionrådet Nordhordland IKS var arrangør i samarbeid med kommunane i Nordhordland, Haraldsplass Diakonale Sykehus og Helse Bergen. Det var presentert mange gode faglege innlegg. (Sjå link til presentasjonane lenger ned i artikkelen.)
Seksjonsoverlege på Haraldsplass Diakonla Sykehus(HDS) Paal Naalsund presenterte innlegget
REHABILITERING AV ELDRE I DAG OG I MORGEN.
Naalsund hadde mellom anna fokus på at aukinga av tal på eldre med trong for behandling og rehabilitering vil tvinge fram at kommunane etablerer fullverdige tverrfaglege tilbod til dei eldre innbyggjarne.
Randi Daa Stordal – fysioterapeut, på HDS viste til døme på vellukka kommunal rehabiliteringsteneste i innlegget - Fra HDS til rehabilitering i kommmunen.
Merethe Boge – rådgjevar, Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering i Helse Bergen snakka om - Kva inneber det for kommunane
at rehabilitering er ei lovpålagt teneste ?
Anne-Berit Kolås, nestleiar i brukarutvalet i Helse Bergen heldt innlegg om Brukarane sine ønskjer om rehabilitering i Nordhordland.
Kim Sperstad, rehabiliteringskoordinator ved HDS oppsummerte seminaret på slutten av dagen, og presenterte nokre viktige moment frå dagens program:
- All rehabilitering som startes i spesialisthelsetjenesten bør følges opp av kommunale tiltak – både for å mulliggjøre videre framgang, men også for å vedlikeholde funksjon over tid.
- Fordel for kommunal rehabilitering: Nærhet til hjemmesituasjon. Gir grunnlag for glidende overganger, og tilpasset opptrening til reelle utfordringer.
- Rehabilitering er per definisjon fler- og aller helst tverrfaglig, men Rehabilitering avhenger i aller størst grad av holdninger og av evnen til å anlegge en brukerstyrt tilnærming.
- FAGSEMINAR - REHAB 161210