Radøy Interkommunale Busenter (RIB) er eit samarbeid mellom Osterøy kommune, Bergen kommune, Vik kommune og Radøy kommune.
Det er eit interkommunalt tilbod til pasientar som har vore innlagt i psykiatrisk institusjon over lang tid, og som ila hausten 2008 vart skreven ut av eit tilbod i Helse Bergen, med tanke på at dei skulle tilbake til eigen kommune og få sin eigen bustad.
Radøy er vertskommune og står dermed for leiing, drift og har også arbeidsgjevaransvar for tiltaket.
Busenteret ligg på Manger. Radøy kommune leiger ein fløy av bygget som før var gamle Radøy sjukeheim, som Helse Bergen eig. Heile fløyen er pussa opp, bebuarane har kvar sin eigen leilighet med kjøkkenkrok og bad. I tillegg er det 2 fellesstover, 2 felleskjøkken og felles vaskerom til disposisjon for bebuarane, alt i ny og moderne stil.