Skip Navigation Links

 

Samhandling innan helsesektoren inneber at ulike partar i kommune- og spesialisthelsetenesta skal samarbeida til det beste for innbyggjarane. Avtalar er inngått og skal følgjast opp, og krav til tenester og leverandørar av desse er stadig i endring. Dette inneber at ein må ha gode og formaliserte møtearenaer for å utvikla best mogeleg tenester.

Ei god oppgåve- og ansvarsfordeling og eit godt samarbeid mellom kommune- og spesialisthelsetenesta er avgjerande for at vi skal kunne tilby innbyggjarane våre eit heilt og godt helse- og omsorgs tilbod.

 

 

Viktige føresetnader for å kunne nå felles mål: 

  • open dialog mellom kommunane og sjukehusa
  • at representantane i samarbeidsutvala har legitimitet, fullmakter og ressursar som svarer til oppgåvene
  • semje om prioriteringar
  • toppleiarane har si rolle i å sikre måloppnåing

 

 

 

Styret i Helse Vest RHF har vedteke at det skal etablerast eit regionalt kompetansesenter for eldremedisin og samhandling.

- Etableringa av eit regionalt kompetansesenter for eldremedisin og samhandling er eit ledd i å styrkje spesialisthelsetenestene til eldre i regionen. Dette er eit fagområde som treng ekstra merksemd, og det er derfor viktig å styrkje kompetansen i regionen, seier styreleiar i Helse Vest RHF Oddvard Nilsen.
Les meir om kompetansesenteret her

 

Tilsette i kommunar i Nordhordland, Haraldsplass og Helse Bergen har saman med brukarar utarbeidd nytt felles søknadsskjema til helse og omsorgstenester i kommunane.


 

 

"Utvikling av gode behandlingsforløp for pasienter med akutt oppstått infeksjon på sykehjem" 

 – et samhandlingsprosjekt mellom HDS og kommunene i Nordhordland