Gjensidig hospitering er eit av tiltaka som er foreslått i Nordhordlandsrapporten
Ordninga har vert i drift frå 01.01.2010. 

 

Det er Kunnskapsutviklingssenteret som forvaltar dette tilbodet, og den enkelte avdeling ved HDS og i helse- og omsorgstenestene i kommunane forpliktar seg til å legge til rette for den praktiske gjennomføringa av hospiteringa.

Førebels omfattar ordninga sjukepleiarar frå Haraldsplass Diakonale Sykehus, Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen og Osterøy kommune.
Restmidlar frå Nordhordlandsprosjektet er sett inn i eit hospiteringsfond, noko som gjer at sjukepleiarar ved HDS og i dei 8 kommunane inntil vidare kan søkje om å få dekka utgifter knytt til hospitering, dvs. til løn, reiseutgifter m.v.

<<Tilbake