Kunnskapsutviklingssenteret er eit av samarbeidstiltaka som er foreslått i Nordhordlandsrapporten.

Senteret blei etablert av Samarbeidsutvalget for Nordhordland i desember 2009, og starta sin aktivitet i 2010. Målsettinga er å samordne kompetanseplanar, og sørge for målretta arbeid og koordinering av kompetanseoverføring mellom primær- og spesialisthelsetenesta, førebels innan somatisk sektor.

Senteret er per januar 2010 satt saman av 2 representanter fra HDS og 2 fra Fagråd for pleie- og omsorg i Nordhordland.

Gjennom kartlegging av samhandlinga mellom HDS og Nordhordlandskommunane er det avdekka fleire områder der auka fokus på kvalitet kan betra tenestene og samarbeidet mellom faggruppene og helsenivåa. Dette arbeidet vart avslutta februar 2009. I tiltaksplanen er det  tatt utgangspunkt i det dei tilsette kom fram med i undersøkinga og dei nasjonale føringar som er lagt.

 

Kartlegginga avgrensa seg til pasientar over 70 år med samansette lidingar. Dei tilsette som yter tenester til denne pasientgruppa framhever trong for skånsame behandlingsforløp for dei svakaste eldre, der ein søkjer å gi helsehjelp nærast der pasienten bur og oppheld seg. Samtidig er det svært viktig at dei kjem raskt til spesialisthelsetenesta når dette er påkravd. Sidan problema ofte er samansette og symptombildet atypisk stilles det ofte krav om både bredde - og spisskompetanse for å kunne gje rask og naudsynt behandling.

 

Kunnskapsutviklingssenteret skal bidra til eit systematisk arbeid med kompetanseheving og kompetanseutveksling mellom HDS og Nordhordlandskommunane. Nokon av desse tilboda bør være tverrfaglige da fleire faggrupper arbeider med dei same problemstillingane. Ein felles arena for læring og utveksling av erfaring, kan føre til ei vidareutvikling av samhandlinga mellom helsenivåa og mellom dei ulike faggruppene.

Kunnskapsutviklingssenteret

  • er direkte underlagt Samarbeidsutvalet for HDS og Nordhordlandskommunane.
  • har ein koordinerande funksjon i planlegging og gjennomføring av hospitering og kursverksemd der målgruppa er tilsette både ved HDS og kommunane.
  • forvaltar hospiteringsfond


 

   

<<Tilbake