Det er nedsett ei arbeidgruppe som skal vurdere om kommunane i Nordhordland skal samarbeide om å følgje opp krav om kommunale døgnplassar for øyeblikkeleg hjelp som skal vere på plass innan 2016.
Arbeidet er forankra gjennom regionalt helseutval, som er styringsgruppe for arbeidet.
Arbeidsgruppeer samansett av kommuneoverlege, legevaktsjef, ordførar, rådmann, brukarrepresentant, rådgjevarar Helse Bergen og Haraldsplass Diakonale Sjukehus og samhandlingskoordinator.
Gruppa skal mellom anna vurdere oppstart av prosjekt der interkommunale akuttsenger knytt til legevaktsamarbeid vert vurdert og utprøvd.
Det er mange spørsmål knytt til dette døgntilbodet. Dette er ei ny oppgåve som vert pålagt kommunane frå 2016.
Målet med slike døgnplassar i kommunane er å unngå innlegging i sjukehus.
Arbeidsgruppa har så lang vurdert det slik at det kan vere vanskaleg for den einskilde kommunae å følge opp krav knytt til desse sengene, og at dei bør vere lokalisert i same lokale som legevakta eller i tett nærleik, t.d ved Knarvik sjukeheim.