Ferske tal frå Regjeringa viser at Nordhordland sin søknad om samhandlingsmidlar slo inn med ei tildeling på 800 000 kroner.  No blir det utarbeida forslag til ein regional helse- og omsorgsplan for Nordhordland.
Tildelinga er ein oppfølgar av fjorårets tildeling på ein million kroner til prosjektet som skal møta utfordringane kommunane får med den store samhandlingsreforma i helsesektoren.

 

Dette inneber at Regionrådet no får midlar til å materialisera dei planane som er lagt. Konkrete tiltak for Nordhordland vil no bli presenterte for eigarkommunane. Eg er trygg på at Nordhordland vil vera blant dei regionane som tidleg vil takla samhandlingsreforma på ein god måte. Eg vart styrkt i trua om dette på toppleiarmøtet mellom kommunane og Helse Bergen/Haraldsplass denne veka. Nordhordland har arbeidd målretta og kanskje litt i det stille med gode prosjekt, som departementet med si tildeling stadfestar er ei rett retning, avsluttar Askeland.
Kommunane har fått til handsaming sak der dei skal ta stilling til utarbeiding av forslag til ein strategisk plan for interkommunalt samarbeid innan helse- og omsorgstenesta i Nordhordland.
Målet med ein slik plan er å

  • avklare kva tenestetilbod kommunane skal samarbeide om
  • avklare kva tenestetilbod kommunane skal vidareutvikla i samarbeida med spesialisthelsetenesta.
  • vurdere modellar for organisering av tenestene

Planen skal tydeleggjere dei måla regionen set seg innanfor interkommunale tiltak innan helse- og omsorgstenesta. Ein slik regional plan skal vere eit verktøy som tydeleggjer felles mål, planar og forslag til tiltak som er retningsgjevande for helsesamarbeid mellom ulike aktørar.

<<Tilbake