Regional helse- og omsorgsplan er under utarbeiding.
Dette er ein strategisk plan for interkommunalt helsesamarbeid i Nordhordland.
Dersom helseutvalet sluttar seg til utakst til plan, vert den sendt til høyring i kommunane ila februar.
Målet med ein slik plan er å;
- avklare kva tenestetilbod kommunane skal samarbeide om
- avklare kva tenestetilbod kommunane skal vidareutvikla i samarbeida med
spesialisthelsetenesta.
- vurdere modellar for organisering av tenestene
Planen skal tydeleggjere dei måla regionen set seg innanfor interkommunale tiltak innan helse- og omsorgstenesta. Ein slik regional plan skal vere eit verktøy som tydeleggjer felles mål, planar og forslag til tiltak som er retningsgjevande for helsesamarbeid mellom ulike aktørar.