Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Logo blå saman.no

Ofte stilte spørsmål ved inn- og utskriving innan psykisk helse og rus

​1.Når skal ein starta dialog med kommunen?

Så snart pasienten kjem inn i spesialisthelsetenesta. Viktig at ein kjem i dialog sjølv om ikkje situasjonen er avklart. 

2. Korleis dokumentere?

All dialog mellom samhandlande partar skal dokumenterast i pasienten sin journal. Det betyr og den munnlege dialogen.

3. Nyttar sjukepleiarane i sjukehuset IPLOS?

Nei, dette er ikkje eit verktøy som vert nytta i sjukehuset. Tala vil difor ikkje vere til hjelp utan det følgjer med ein kommentar. 

4. Kan spesialisthelsetenesta bestemme omsorgsnivå i kommune?

Nei, sjukehuset skal gje ein funksjonsbeskrivelse av pasienten. Det er kommunen som avgjer kva tenestetilbod pasienten skal få. 

5. Dersom pasienten ligg inne i spesialisthelsetenesta over lengre tid, treng ein då å ha jamnleg dialog med kommunen?

Ja, det skal vere dialog minst kvar 3. månad. Denne dialogen skal journalførast.

Sist oppdatert 19.12.2022