Frisklivs- og meistringssenteret (FMS) på Straume er eit interkommunalt samarbeid mellom Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. senteret skal tilby skreddarsydd, heileskaplege tenester for livsstilsendring og meistring. FMS er kommunane sin ressurs for å støtte opp under gruppebasert opplæring av innbyggarar med livsstilsrelatert eller kronisk sjukdom.

Friskliv 2

 

Formål 

Frisklivs- og meistringstilboda skal gi handlingskompetanse og hjelp til sjølvhjelp ved endring av levevanar og styrka meistring for å førebygge og/eller redusere sjukdom. FMS skal vere eit regionalt tverrfagleg forum for utvikling, utveksling og heving av kompetanse.

Målgruppe 

Innbyggarar i Askøy, Fjell, Sund og Øygarden som treng hjelp til ending i levevanar i høve til ulike livsstilssjukdomar (t. d. KOLS, diabetes II, hjarte/kar sjukdom eller BMI >30) som kan ha god effekt og nytte av økt fysisk aktivitet, endra kosthald og meistring av sjukdom. I tillegg vil innbyggarar som er motivert og ynskjer å slutte å røyke eller snuse få tilbod om røykesluttkurs.

 

Samarbeid og samhandling 

For å delta i FMS sine tilbod treng man ein Frisklivsresept frå lege eller spesialist. Det er utarbeidet ein felles Frisklivsresept for Frisklivs- og meistringssenteret og dei kommunale Frisklivssentralane.  Lege/spesialist kan skrive ut ein Frisklivsresept til pasientar dei meiner har behov for å endre levevaner, behov for å starte med fysisk aktivitet eller treng å slutte å røyke. Personar som har fått tilvising via Frisklivsresept kontaktar sin lokale Frisklivseining for å avtale ein helsesamtale. Helsesamtalen skjer lokalt i innbyggjaren sin heimkommune og sikrar nærleik til tilboda. Helsesamtalen er ein endringsfokusert samtale kor målet er å belyse kvar enkelt sine utfordringar og ressursar. Personar som har, eller står i fare for å utvikle, diabetes type 2, hjarte/karsjukdom eller fedme får tilbod om kurs i livsstilsendring i regi av Frisklivs- og meistringssenteret. Kurset har fokus på endring og kosthald og skal saman med fysisk aktivitet gje deltakarane verktøy og motivasjon til varing endring av levevaner. Dersom det er ventetid, eller ei stund til kurset startar, får deltakaren tilbod om å nytta Frisklivsentralen sine tilbod fram mot kursstart for å halde motivasjon oppe og kome i gang med fysisk aktivitet. Etter livsstilskurset er det ny helsesamtale for å legge ein plan for vegen vidare, og det sendast tilbakemelding til tilvisar. For nokre kan det vere mogleg å nytte Frisklivsentralen sine tilbod i ei periode for å styrke arbeidet med varig endring av levevaner. På denne måten vil fleire innbyggarar få  betre tenester, meir oppfølging der dei bur og betre koordinering av tenesta. Modellen vil sikre innbyggarane nærleik til tilboda, frivillige lag og lokale aktørar og styrke samarbeidet mellom kommunale og interkommunale tenester. Eit tett og godt samarbeid mellom det interkommunale Frisklivs- og meistringssenteret og den kommunale Frisklivseininga vil gje kommunane betre moglegheit til å påverke det ordinære tenestetilbodet i kommunen og tilpasse kommunale og interkommunale tilbod og tenester etter behov.

Samarbeidet og samhandlinga mellom FMS og kommunane har gjensidig nytteverdi for båe partar då kompetanseutveksling og kompetanseoverføring står sentralt. FMS får nytta kommunane sine helsearbeidarar med all den erfaring og kompetanse dei har. Gjennom kompetansehevande tiltak i regi av FMS får helsearbeidarane tileigna seg ny kompetanse som kommunen kan nytte. Det interkommunale Frisklivs- og meistringssenteret samhandlar med Helse Bergen gjennom Lærings- og mestringssenteret (LMS) i Bergen om kompetanseoverføring og kompetanseutveksling. LMS har utvikla ein kompetansepakke for helsearbeidarar i kommune og spesialisthelsetenesta etter innspel frå FMS. Alle som skal halde kurs i regi av FMS må gjennom kompetansepakken hjå LMS. Ved å samarbeide interkommunalt vil det styrke og sikre eit sterkt fagmiljø, effektivisera drifta og auke kvaliteten på tenesta kommunane kan tilby sine innbyggarar. Alle kommunane vil kunne tilby eit heilskapleg opplæringstilbod som gjer gjensidig ressursutnytting og god kompetanseutveksling.

Øygarden. Kurs og trening føregjekk på Sotra Arena. Kurset hadde 12 deltakarar kor av 10 var frå Fjell og 2 frå Øygarden. Kurset bestod av 4 heile kursdagar fordelt på 12 veker og trening 2 gonger i veka med fysioterapeut. Ei av treningane var ute i løypene rundt Sotra Arena Livsstilskurs 

Det fyrste livsstilskurset i regi av Frisklivs- og meistringssenteret starta 12. desember 2013. Kurset blei halde av Bente Guntveit og Anna Nesje Nes frå Øygarden, som og hadde hovudansvar for utviklina av kurset. Treningsveiledarane var Janicke Engebretsen, fysioterapeut frå Fjell, og Ingrid Sangolt, fysioterapeut frå med fokus på kondisjon, og ei trening inne i sal med fokus på styrke og utholdenhet. Teoridelen av kurset hadde fokus på endring og bevisstgjering av eigne val. Kosthald og fysisk aktivitet var og viktige tema. Kurset legg opp til refleksjon og diskusjon, og gruppa er ein viktig ressurs. Tilbakemeldingane frå deltakarane var gode og konstruktive. Basert på evalueringa av kurset er neste kurs utvida til 5 dagar, og det vil vere endå meir fokus på ei praktisk tilnærming til kosthald.

 Ein av deltakarane går vidare på treningskontaktkurs i regi av Norges Idrettsforbund, Hordaland Idrettskrets og skal vere med som ekstra ressurs på treningane på neste kurs. Han skal på sikt starte eigne treningsgrupper som vil vere opne for alle.

 Neste kurs startar 5. mars. Kurshaldarane er Linda Næss, sjukepleiar frå Askøy, og Anita Alvheim, prosjektleiar FMS. Treningsinstruktørane er dei same som førre kurs; Janicke Engebretsen og Ingrid Sangolt.   

Prosjektleiar FMS: Anita Røyneberg Alvheim

 

Heimeside FMS

 

 FMS Vestnytt  

 


 

<<Tilbake