Ei arbeidsgruppe samansett av sentrale representantar frå partane utarbeidde i løpet av våren 2011 eit utkast til eit felles grunnlagsdokument for samhandling.
Toppleiarmøtet handsama på møte 24 november felles grunnlagsdokument for samhandling som inneheld både sentrale prinsipp for samhandlinga og strategiske grep ein er samde om.
Det er utarbeidd handlingsplan der det er skildra tiltak som er i gang og som er planlagt som oppfølging av dei strategiske grepa. Handlingsplanen skal vera dynamisk med minimum årlege revisjonar.
Grunnlagsdokumentet med handlingsplan for 2012 vart behandla i Samarbeidsutvala i løpet av uke 50 i 2011, og deretter sendt ut til styrebehandling.