Som eit ledd i oppfølginga av forrige samarbeidsavtale om inn- og utskriving vart det i 2010 satt i gang eit arbeid for å utarbeide felles søknadsskjema om kommunale tenester. Skjemaet vert nytta ved søknad frå pasientar som er inneliggjande ved sjukehusa i området.
Alle dei 22 kommunane har sagt seg villige til å saksbehandle søknader som er utfylt etter denne malen, uansett kva slags løysing ein har valgt lokalt for søknader frå eigne innbyggarar. (Nokre kommunar har i tillegg brukt denne søknadsmalen som mal for revidering av eige skjema.)
I følgje ny avtale om inn- og utskrivning som vart innført som veiledande fra 1.1.12 er det ikkje lenger rutinemessig aktuelt å benytte eit slikt kommunalt søknadsskjema ved formidling av behov for nye/endra tenester etter utskrivning frå sjukehus. Skjemaet kan imidlertid fortsatt nyttast av pasientar som ønskjer å søke om tenester mens dei er inneliggjande på sjukehus.
Søknadsskjema - kommunal helse- og omsorgstjeneste
Det vart i tillegg utarbeidd eit skjema, som skal leggjast ved alle søknader om rehabiliteringstenester: Vurderingsskjema for kommunal rehab
Dette kan fortsatt nyttast der kommunen og sjukehuset er einige om at det kan være hensiktsmessig med rehabilitering etter eit sjukehusopphald.