24 november 2011 vart det lansert ei ny heimeside for samhandling mellom primær- og spesialisthelsetenesta innanfor lokalsjukehusområdet til Helse Bergen og Haraldsplass Diakonale Sykehus.

 

Her vil ein kunne finne: Oversikt over samarbeidsstruktur mellom kommunane og sjukehusa i området, aktuelle samarbeidsavtaler, informasjon om fagleg samarbeid m.v.

 

 

  SISTE NYHEITER OM SAMHANDLING I OMRÅDET:  

 

 

Som eit ledd i gjennomføringa av samhandlingsreformen er det lovpålagt å inngå ei rekke samarbeidsavtaler mellom kommunane og spesialisthelsetenesta. (Jfr. nasjonal veileder.) Totalt avtaleverk iht. lovkrav skal være på plass innan 1.7.2012. 

 

Følgjande avtaleprosessar er planlagt gjennomført våren 2012 innanfor Helse Bergen sitt føretaksområde:

 

 - Hovudprosjektgruppe for utarbeiding av ny overordna samarbeidsavtale, og for å oppnå semje om kva helse- og omsorgsoppgåver forvaltningsnivåa er pålagt ansvaret for, samt ei felles oppfatning av kva tiltak partane til einkvar tid skal utføre.

Leiar av dette arbeidet er Astrid Toft (daglig leiar av KS Hordaland).

 

- Samarbeid knytt til innlegging, utskriving, habilitering, rehabilitering og lærings- og meistringstilbod for sikre samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester.

Leiar av dette arbeidet blir Magne Høgelid (rådgjevar i Helse Bergen og koordinator i Samarbeidssekretariatet - SSE).

 

- Gjensidig kunnskapsoverføring og informasjonsutveksling for faglige nettverk og hospitering, samt samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid.

Leiar av dette arbeidet blir Trond Aarre (fagsjef, psykiatrisk divisjon, Helse Bergen).

 

- Jordmorteneste 

Leiar av dette arbeidet blir Brit Eide (Helse Bergen)

 

- IKT-løysingar 

Leiar av dette arbeidet blir Marit Strøm (Seniorrådgjevar i Bergen kommune, og representant i Samarbeidssekratariatet - SSE).

 

- Førebygging 

Leiar av dette arbeidet blir Reidun Kjosås (folkehelsekoordinator i Kvam).

 

10. februar samlast alle desse arbeidsgruppene for eit felles oppstartsmøte med styringsgruppa for avtalearbeidet. Styringsgruppa består av:

Anne Sissel Faugstad, viseadm. dir. Helse Bergen

Radina Trengereid, adm. dir. Haraldsplass Diakonale Sykehus

Line Barmen, leiar av Samarbeisutvalet for Bergensregionen

Unni Solem, leiar av Samarbeidsrådet for Voss lokalsjukehusområde

Astrid Aarhus Byrknes, nestleiar av Samarbeidsutvalet for Nordhordland

Nina Solberg Nygaard, leiar av Samarbeidsutvalget for Bergen kommune 

 

- Øvrige prosessar som skal ivaretakast i 2012 er mellom anna: Avtaler som beskriv det kommunale tilbodet om øyeblikkelig hjelp (sjå i venstremeny under Fellesmøte for en oversikt over status for dette arbeidet gitt under en Erfaringskonferanse avholdt i Bergen 10. februar); avtaler med den enkelte kommune om den akuttmedisinske kjeda; avtaler om samarbeid på russektoren; fornying av avtale om psykisk helsevern (hausten 2012).

 

Dei 4 overordna samarbeidsutvala fatta i veke 50 (2011) vedtak om å tilrå partane å inngå 3 nye avtaler. Desse blir gjeldande frå signeringsdato, men det vart samtidig fatta vedtak om å sjå på ny avtale for inn- og utskrivning som veiledande for praksis frå 1.1.2012:

 

Tenesteavtale - inn og ut somatikk frå 2012 

 

SAMARBEIDSAVTALE - overordna gjeldande fram til 1.7.2012

 

Omforente beredskapsplaner og planer for den akuttmedisinske kjeden

 

 

Avtalane vil bli publisert i venstremenyen så snart dei er signert av alle parter.